Vi har motteke ein del spørsmål om nominasjonsmøta, så her kjem nokre presiseringar:
Samansetninga av nominasjonsmøtet er basert på to tilhøve; antall betalande medlemmer i lokallaga og antall røyster ved førre stortingsval i den einskilde kommune (sjekk vedtektene for utrekningsdetaljar).
I fylkeslag som avheld nominasjonsmøtet i 2008 tek ein utgangspunkt i betalande medlemmer pr. 1. november 2008. I fylkeslag som avheld nominasjonsmøtet i 2009 tek ein utgangspunkt i betalande medlemmer pr. 31. desember 2008.
Sideorganisasjonane har inga sjølvstendig representasjon til Venstres nominasjonsmøter. Medlemmer av Unge Venstre, Venstrekvinnelaget eller Liberale studenter som ønskjer å delta som utsending på nominasjonsmøtet må vere medlem av Venstre, over 15 år og vere vald som utsending av eit lokallag i Venstre.
Lokallaga skal i høve til vedtektene velje sine utsendingar til nominasjonsmøtet på eit medlemsmøte som blir kalla inn med to vekers varsel. Fylkeslaga har eit klart ansvar for å informere lokallaga om korleis utsendingar til nominasjonsmøtet blir vald.
I Sør-Trøndelag Venstre blir nominasjonsmøtet avholdt laurdag 22. november på Oppdal. Meir info om tid og stad kjem seinare.