Nei til diskriminering av nynorsk i vidaregåande skule

Fylkestinget har vedteke at fylket kun skal bruke lærebøer som ligg føre på begge målformer til same tid og same pris. Slik ønskjer ein å hindre diskriminering av nynorskelevar i den vidaregåande skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Arne Hoem og Steve Kalvøy fra Frp var dei einaste i fylkestinget som ikkje ville vere med på kravet om at fylket berre skal bruke lærebøker som ligg føre på begge målformer til same tid og same pris. Dei andre 45 i tingsalen satte ned foten for forlag som ikkje følger opp dette. Dette melder Tidens Krav.

Jan Magne Dahle fremja ein interpellasjon frå SV-gruppa, med eit forslag om at fylket ville handle med forlag og bokhandlarar som kan tilby dette. Utdanningsutvalet og utdanningsavdelinga skal sørge for at vedtaket blir fulgt opp ved alle dei vidaregåande skulane dei har ansvar for.

Gunn Berit Gjerde

Foto: Venstre

— Vi har ei makt igjen for å imøtekomme våre nynorskelever, det er vår markedsmakt. Kvifor skulle ikkje vi bruke den? Kvifor skal nynorskelevar tvingast til å ha bøker på bokmål? Det er ei rein diskriminering og skikkelig urettferdig overfor våre nynorskelevar, sa Gunn Berit Gjerde i eit intervju med avisa Tidens Krav.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**