ENKJEHEIMEN PÅ VOSS RIVEN

Måndag 6. okt. om kvelden blei Enkjeheimen i Voss sentrum riven. Venstre har arbeidd hardt for å få verna bygget, særleg med tanke på den sosial- og kulturhistoriske verdien – men lukkast altså ikkje. Elles fortel info.brev nr.9/08 frå Voss Venstre om stor politisk aktivitet i september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I gruppe- og styremøtet den 9. sept. orienterte Venstres medlem Anne Jorun Ryum Møen om arbeidet i Utval for miljø og kultur (MKU) og vi drøfta aktuelle saker i MKU sitt møte den 11. . MKU uttalte seg då m.a. om:
– Kommunalt driftstilskot 2009 til lokale festivalar/institusjonar – tilrådde ein viss auke i budsjettet for 2009
– Merkesmannen på Simonsplassen; vedlikehald m.v. – tilrådde den plassert i det nye kulturbygget
– Bygging av Geitåni kraftverk småkraftverk på Bolstad, fråsegn til Norges Vassdrags- og E-vesen. V og SV røysta mot utbygging.
– Uttale til ny marknadsføringslov — tilrådde spegelvending av ordning med uadressert reklame. Men interpellasjon frå Venstres Knut Olav Nestås i KST før sommaren var ikkje nemnt i saksutgreiinga!!!
Dessutan vedtok MKU — samrøystes — framlegg frå Anne Jorunn Ryum Møen i samband med interpellasjon : MKU ber administrasjonen leggja fram sak om korleis utarbeiding av ein kulturplan og etablering av Voss kulturråd kan iverksetjast.!

Saka om Geitåni kraftverk på Bolstad kom så til vidare til kommunestyret(KST) 25.sept.. Venstre uttalte her at partiet var prinsippielt for småkraftverk, men at kvar einskild prosjekt måtte vurderast for seg. Etter ei samla vurdering, og etter m.a. påpeiking av at kulturminneinteressene var lite utgreidde i saka, føreslo Venstre at KST av naturvern- og kulturvernomsyn skulle gå mot utbygginga. Framlegget fekk berre 6 (V +1 SV og R) røyster. Høgre og Framstegspartien hadde elles eit framlegg som ville tilrå omtrent full utbygging i tråd med søknaden, dvs. med langt færre restriksjonar enn administrasjonen sitt framlegg. Dette fall, med ordføraren si dobbelrøyst, og administrasjoen sitt framlegg, tilrådd av fleirtalet i MKU, blei vedtatt med stort fleirtal. Venstre føreslo så "Voss kommunestyre ber om å f få seg førelagt eit oversyn over bygde eller planlagde mikro-, mini- og småkraftverk i kommune, med ei kort vurdering av desse i høve til kommuneplan og aktuelle delplanar, og ei vurdering av i kva grad ein samla plan for småkraftverk i kommunen bør utarbeidast. Framlegget fekk 15 røyster (V+Frp+SV+R+spreidde frå Ap), dvs. blei ikkje vedtatt. Venstre beklaga elles at ei fråsegn frå Vassvøri sogelag ikkje var lagt ved saka , og føreslo den oppkopiert og utdelt. Berre 6 røysta for dette!

Elles brukte KST — som vanleg – lang tid på hovudrunden for sals- og skjenkeløyve for komande 4-års periode. Debatten gjekk mykje på einskildsøknader — særleg sett i høve til "rettferdig"/lik behandling i høve til andre. Venstre deltok ikkje i denne. Men Rolf Abrahamsen frå Venstre uttalte, og gav støtte til eit framlegg frå KrF, om at uteserveringa i sentrum burde stogga kl. 23.00 .( Kl. 01.00 fekk fleirtal.) Reguleringsplanar for Nordheim (Skiferbrotsområdet) og for Kyteshagen, om arbeid med plan for Fjellheimen reinområde og komitesamansetjing for justerte forskrifter om vass- og kloakkavgifter blei samrøystes vedtatt.

Utval for næring og tiltak(NTA) fekk i møtet 16.sept. orientering om visjon/tankar for ein opplevingspark på Voss. NTA vedtok at utvalet ønskjer sak om dette "Voss opplevingssenter" opp som orienteringssak i møtet 28. okt. Då skal også Voss næringshage orientera. Elles hadde utvalet nokre konsesjons- og frådelingssaker.

I møtet 11.sept. fekk formannskapet/utval for plan og økonomi (FPL) ei ekstrasak om prestebustaden på Holbergs plass. Som kjent er denne lagt ut for sal – trass iherdige førespurnader/protestar frå kommune og kykje om nærmare drøftingar før slikt vedtak — og til svært så høg takst! Største delen er regulert som friområde. (Sjølve husa har ingen verneklausular.). Leiar av kyrkjeleg fellesråd; Agnar Afdal og kyrkjeverja; Hans Soldal orienterte. Møtet var lukka, og enda med eit samrøystes vedtak:
1. FPL legg til grunn at g.nr 255, bnr. 37 som er regulert til offentleg føremål og friområde, skal vera i offentleg eige. 2. Dersom Opplysningsvesenets fond og Voss kommune ikkje kjem fram til ei minneleg ordning, har administrasjonen fullmakt til å førebu oreigning. Dvs. at FPL gav eit klart signal om at eigedommen ikkje skal seljast til private og at omregulering f.eks. til bruk som restaurant/hotell ikkje er aktuelt.

Enkjeheimen si soge knytta til bygget på Hestavangen, er dessverre no over! Representantar for ei idè- og arbeidsgruppe for å vurdera alternativ bruk – med underteikna og Ole Didrik Lærum i spissen — trudde vi skulle få føreta synfaring 26.sept. Dette vart bryskt avvist av forretningsførar for Voss bustadutvikling. Fylkesmannen avviste så klagen frå Hordaland fylkeskommune på rivingsvedtaket, og fredag 3.okt. var rivingsfolka i gang! "Hordaland" har fyldig dekning i avisene for 27.sept. og 4. okt.. Ei sørgjeleg sak, både for "kulturbygda" Voss og for kommunen Voss med tanke på tilhøvet til deleigd aksjeselskap (Voss bustadutvikling) og (dermed) demokratisk prosess og for saksbehandling!! (Etterskrift 6.okt.: Etter at Ågot Himle og Ivar Løne, som hadde lenka seg fast til bygningen, blei fjerna av politiet om kvelden, blei huset rive .)

Arbeidet med budsjett for 2009 er i gang. . "Økonomisk arbeidsgruppe",dvs. FPL pluss repr. for dei 2 partia som ikkje er med i FPL (KrF og Raudt) og 3 hovudtillitsvalde hadde sammøte med administrasjon 4. og 5. sept.., der ein gjekk gjennom ymse bakgrunnstoff for budsjettarbeid, fekk orientering om utvikling av 08-budsjett så langt og prognosar for 2009, mens kommunalsjefane orienterte om status og behov i kvar si avdeling. Utsiktene er ikkje lyse! Neste møte i arbeidsgruppa er torsdag 9. okt., der vi vil få orientering om kva statsbudsjettet for 2009 vil bety for kommunen.

Underteikna er også medlem i byggekomiteen for det nye kulturhuset.Det har vore 2 møte no i haust. Mindre endringar i teikningane er godkjende. Entreprenørkontraktane er no stort sett underskrivne — med sum innanfor samla rame vedtatt av KST – og grunnarbeidet kjem i første delav oktober. Førebels er ferdigdato sett til 21.05.10. Ei brosjyre er planlagd sendt alle husstandar i kommunen.

Torstein Gunnarson gruppeleiar V i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**