Velkomen til Venstredag i Arendal kulturhus, bystyresalen, laurdag 11. oktober

Vi inviterer DEG som stemmer Venstre og/eller som vurderer å gjere det til Arendal kulturhus laurdag kl 1100-1600, eller delar av dagen om det passar betre for deg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Hans Antonsen og Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Gode Venstrefolk, her kjem brev frå fylkesleiar Hans Antonsen og nominasjonsnemndsleiar Jan Kløvstad:

Det er stortingsval i september 2009. Venstre i Aust-Agder var berre 116 stemmer frå å få stortingsmandatet i 2005. Nå ligg vi mykje høgare på meiningsmålingane, og håpet er langt større enn for tre år sidan. Derfor er det viktig både kva som står i programmet og kven som skal stå øvst på lista. Vi har mange gode kandidatar, sjå annan artikkel her

Vi veit at dette er ein laurdag, og at alle kanskje ikkje kan vere med på alt. Men vi håpar så mange som mogleg kan bli med på mest mogleg.

1. Gå Venstreskolen. Lær om ideologi og historia til Norges eldste parti, partiet som skapte parlamentarismen i Norge.

2. Sørg for at stortingsvalprogrammet blir best mogleg . Hugs at Venstre er eit sannsynleg regjeringsparti etter stortingsvalet. Da er det viktig kva som står i program met, – også for ditt interesseområde og for landsdelen vår. Kom, og gi kommentarar. Programforslaget er sendt til alle lokallag, og ligg også her.

3. Presentasjonsmøte med aktuelle kandidatar organiserer vi slik:
a. Aktuelle kandidatar som nå er foreslått blir inviterte til å halde 3-5 minutts innlegg om kva dei vil gjere på Stortinget dei komande fire åra.
b. Dette blir også filma (video) og lagt ut på Aust-Agder Venstre sine heimesider.
c. Tilhøyrarane kan også stille spørsmål til kandidatane for å få avklart ting vi lurer på.
Alle 22 som nå er foreslått blir inviterte til å presentere seg.

Som du forstår: dette er ei viktig venstresamling, som kan danne grunnlag for både stortingsvalet og valkampen fram mot valdagen.

Still opp, og få med deg så mange som mogleg. I

Heile samlinga er gratis, bortsett frå at kvar enkelt må stikke ut av kulturhuset og skaffe seg litt mat kl 1330. Det er rikeleg med stader å kjøpe mat rett rundt hjørnet.

Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå deg innan 9. oktober om du kan kome. Send e-post til [email protected].

Kandidatpresentasjon og Venstreskolen 11. oktober

1100-1330 Venstreskolen

1330-1400 Matpause

1400-1500 Stortingsvalprogrammet

1500-1600 Kandidatpresentasjon, som også blir videofilma og lagt ut på www.venstre.no/austagder Venstres Hovedorganisajson blir invitert til å presentere programforslaget. Ansvarleg for dagen: Hans Antonsen og Jan Kløvstad.

(Lokallaga har frist til 15. oktober med prioriterte forslag.)

Nå startar alvoret!

Beste helsing

Hans Antonsen og Jan Kløvstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**