Gode Venstrefolk i Arendal,
det er stortingsval i september 2009. Venstre i Aust-Agder var berre 116 stemmer frå å få stortingsmandatet i 2005. Nå ligg vi mykje høgare på meiningsmålingane, og håpet er langt større enn for tre år sidan. Derfor er det viktig både kva som står i programmet og kven som skal stå øvst på lista. Vi har mange gode kandidatar, sjå annan artikkel her
Vi veit at dette er ein laurdag, og at alle kanskje ikkje kan vere med på alt. Men eg håpar så mange som mogleg kan bli med på mest mogleg.
1. Gå Venstreskolen. Lær om ideologi og historia til Norges eldste parti, partiet som skapte parlamentarismen i Norge.
2. Sørg for at stortingsvalprogrammet blir best mogleg . Hugs at Venstre er eit sannsynleg regjeringsparti etter stortingsvalet. Da er det viktig kva som står i program met, – også for ditt interesseområde og for landsdelen vår. Kom, og gi kommentarar. Programforslaget er sendt til alle lokallag, og ligg også her.
3. Presentasjonsmøte med aktuelle kandidatar organiserer vi slik:
a. Aktuelle kandidatar som nå er foreslått blir inviterte til å halde 3-5 minutts innlegg om kva dei vil gjere på Stortinget dei komande fire åra.
b. Dette blir også filma (video) og lagt ut på Aust-Agder Venstre sine heimesider.
c. Tilhøyrarane kan også stille spørsmål til kandidatane for å få avklart ting vi lurer på.
Alle 22 som nå er foreslått blir inviterte til å presentere seg.
Som du forstår: dette er ei viktig venstresamling, som kan danne grunnlag for både stortingsvalet og valkampen fram mot valdagen.
Still opp, og få med deg så mange som mogleg. I
Heile samlinga er gratis, bortsett frå at kvar enkelt må stikke ut av kulturhuset og skaffe seg litt mat kl 1330. Det er rikeleg med stader å kjøpe mat rett rundt hjørnet.
Eg vil gjerne ha tilbakemelding frå deg innan 9. oktober med anslag om kdu kan kome.
Kandidatpresentasjon og Venstreskolen 11. oktober
1100-1330 Venstreskolen
1330-1400 Matpause
1400-1500 Stortingsvalprogrammet
1500-1600 Kandidatpresentasjon, som også blir videofilma og lagt ut på www.venstre.no/austagder Venstres Hovedorganisajson blir invitert til å presentere programforslaget. Ansvarleg for dagen: Hans Antonsen og Jan Kløvstad.
(Lokallaga har frist til 15. oktober med prioriterte forslag.)
Nå startar alvoret!
Beste helsing
Jan Kløvstad