Av Anne Solsvik, Dega Abdi Aman og Jan Kløvstad, Arendal Venstre
16-åringar er storforbrukarar av kommunale og fylkeskommunale tenester som skole, fritidsklubb, det frivillige kulturlivet, svømmehallar, idrettsanlegg og mykje anna.
Dagens 16-åringar kan betale skatt, bli sett i fengsel, køyre lett motorsykkel, få barn men har ikkje stemmerett.
Kort sagt:
– 16- og 17-åringar i stand til å ta rasjonelle val og er engasjerte i saker som er viktige for dei. Dei er modne nok.
– Demokrati skal lærast i skolen. Stemmerett bør bli ein del av pensum.
– Stemmerett for 16-åringar er god distriktspolitikk. Unge er ekspertar på lokale forhold.
– Ved å gi stemmerett til ungdommar tvingar vis amfunnet til å lage betre tilbod til unge.
– Det virkar andre stadar. I Østerrike og Tyskland er erfaringane svært gode.
16- og 17-åringar kan få informasjon om politikk, parti og val gjennom skolen. Og får vi dei først til stemmeurnene ein gong, er sjansane gode for at dei vil halde fram med å vere ein aktiv del av demokratiet gode. 18-20-åringar er "overalt og ingen stader", og vanskelegare å nå for førstegangslæring om det lokale demokratiet.
Erfaringane frå Tyskland og Østerrike gjennom meir enn ti år viser større valdeltaking for dei yngste, og dei tar vare på engasjementet og stemmer også ved vala når dei blir eldre. Å gi 16-åringar stemmerett i 2011 vil gi større valdeltaking i 2011, og også i 2015, 2019 og 2023 om norske ungdommar oppfører seg om lag som jamnaldrande i Tyskland og Østerrike. Og det er grunn til å tru at dei gjer nettopp det.
I Arendal ser vi at Ungdommens bystyre er eit godt framsteg, med viktige saker til debatt og konklusjonar som er vel verd å lytte til.
La oss ta eit steg vidare. Gi 16- og 17-åringane stemmerett i Arendal.