Valgkampsamling i Nedre Buskerud

16. oktober kan du bli bedre kjent med noen av kandidatene til de øverste plassene på stortingsvalglista for Buskerud. Sett av kvelden allerede nå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

******************************
Valgkampsamling i Nedre Buskerud
******************************

Tid: Torsdag 16. oktober kl.19.30

Sted: Kornmagasinet, Midtbygda i Røyken. Gult lafta hus rett ved vegen — nabo til Røyken videregåande Steinerskole

Servering: Ja!

Tida fram mot stortingsvalget går fort. I samband med det vil Hurum Venstre invitere alle lokallaga i Nedre Buskerud til eit valgkampmøte. Siste meiningsmåling for Buskerud Venstre viste 2,9% og vi skal opp 7%. Ei stor utfordring ligg framfor oss.

Tanken er at dette skal vere ein inspirasjonskveld der vi deler idear, visjonar og blir kjent. Saman står vi sterkare. Det er på tide at Stortinget får ein Venstrerepresentant frå Buskerud; korleis får vi det til?

Vi kjenner ikkje alle kandidatar like godt og det håper vi å gjere noko med denne kvelden.

Fleire har lyst på førsteplassen; Geir Stave (Hurum Venstre), Ulla Nordgarden (Drammen Venstre), Helge Stiksrud (Ringerike Venstre). Kanskje er det endå fleire?

Denne kvelden kan du bli betre kjent med nokon av kandidatane til dei øverste plassane på stortingsvalglista for Buskerud.

For Hurum Venstre blir dette annonsert som eit medlemsmøte og rangert liste vil bli satt opp på slutten av kvelden.

Bli med på ein uformell kveld saman med andre Venstre — folkevalgte.

NB! For lettare å kunne planleggje maten er det fint om du gir beskjed at du kjem 😀

VELKOMEN SKAL DU VERE!

Med venleg helsing

Gunn-Torill Homme Mathisen
Leiar, Hurum Venstre

Marianne Arctander
Gruppeleiar, Hurum Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**