Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre
Men kvifor skriv samferdsleministeren eit men før ho startar denne setninga? Kjenner ho ikkje Sørlandskysten?
Det eksportretta næringslivet på Sørlandet er sterkt og i vokster. Dyreparken i Kristiansand er Norges mest besøkte attraksjon med mange barn i bilane.
Årsdøgntrafikken mellom Arendal og Tvedestrand ligg høgt over det meste ein kan samanlikne seg med, godt over 10 500 med vokster 6-7% kvart år. Det er meir enn 2000 tunge køyrety kvart einaste døgn. Julitrafikken er nær det dobbelte. Ny E18 Kristiansand-Grimstad frå sommaren 2009 aukar faren mellom Arendal og Tvedestrand. Eit jamnt og trygt køyremønster med midtdelar blir plutseleg endra til 119, 25 meter mellom kvar gardsveg og busshaldeplass, tre skolar, to barnehagar, idrettsplass, ungdomshus, bedehus, kyrkjer og ei mengd gardsvegar direkte ut på E18.
Bli med i arbeidet for å gjere skolevegen, lokalvegen og E18 trygg. Jamn standard med midtdelar er mykje tryggare enn blanding av 4-felt og gardsveg.
Her lokalt er vi villige til å bidra grundig med eigenfinansiering for å gjere vegane tryggare. Den rødgrøne regjeringa må sørge for å få strekningen Arendal-Tvedestrand inn også i komande Nasjonal transportplan, slik Bondevik-regjeringa med samferdsleminuster Torild Skogsholm (Venstre) ordna med i forrige revisjon av planen.