Aktiv kulturutvikling i Voss!

Etter interpellasjon frå Venstre, vedtok Utval for miljø og kultur i Voss i møtet 11.sept. samrøystes: “MKU ber administrasjonen leggja fram sak om korleis utarbeiding av ein kulturplan og etablering av Voss kulturråd kan iverksetjast.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre har programfesta å arbeida for desse to sakene,avdi Venstre meiner kommune og bygd bør ta ei grundig gjennomdrøfting av korleis det aktive kulturlivet på Voss kan vidareførast og vidareutviklast. Og bygginga av nytt kulturhus har forsterka behovet – og gitt oss eit svært høveleg tidspunkt.

Bygging av nytt kulturhus byrjar nemleg no i oktober. Huset skal ha lokale for bibliotek, kulturskule, vaksenopplæring, kyrkjelege kontor og kinoar.

Dermed fremja Venstre, ved Anne Jorunn Ryum Møen, følgjande interpellasjon i MKU-møtet 11. sept.:

“Bygging av nytt kulturhus kjem no i gang, og vi ser vel alle fram til kva dette kan bidra til i og for kulturlivet i bygda!

Venstre meiner at vi no må sjå nærmare på korleis Voss best kan vidareføra og vidareutvikla kulturlivet, m.a.. gjennom aktiv satsing i det nye kulturhuset.

Venstre meiner 2 tiltak er nødvendige i denne samanhengen:
– ein samla kulturplan
– eit kulturråd

Voss har mange gode kulturtiltak. Kommunen har einskilde planar som dekkjer deler av kulturtilbodet. Men Voss manglar eit samla oversyn, og ein samla plan med visjonar og klare målsetjingar for kva kommunen og bygda bør satsa på framover.

Eit kulturråd, med repr. frå aktuelle organisasjonar og instansar, og gjerne einskildpersonar,vil kunna vera svært viktig for m.a. ideskaping, inspirasjon, samordning og gjensidig støtte – og i arbeidet med ein samla kulturplan.

Venstre vil derfor føreslå at MKU gjer følgjande vedtak:
MKU ber administrasjonen leggja fram sak om korleis utarbeiding av ein kulturplan og etablering av Voss kulturråd kan iverksetjast.”

Og dette framlegget fekk full tilslutning! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**