Trådlaust nett i drift på Sundre

I sumar opna det trådlause nettet på Sundre. I fyrste omgang er det området i og utanfor Kulturhuset som er dekka. Etter kvart skal fleire delar i sentrum koplast til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

WI-FI

Foto: grafisk

Venstre lanserte ideen i valprogrammet for inneverande periode. Forslaget fekk tilslutning frå eit nesten samla kommunestyre og no er altså dette vorte ein realitet i Ål.
Ideen vart i neste omgang teke opp i regionrådet med tanke
på å få til tilsvarande løysingar i resten av hallingdalskommunane.
Dette resulterte i ei løyving frå Buskerud fylkeskommune på 800.000 kr. som skal brukast til utbygging av nettverk i sentrumsområda i resten av Hallingdal.
Trådlause opne nett har so langt vore eit byfenomen, men her viser Ål og Hallingdal at dette ikkje er noko problem å få til dersom det er vilje til det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**