Innlegg i debatten om kommuneøkonomi

13. – 14.september heldt Hordaland Venstre fylkessamling i Bergen. Sølvi Merete Mangerøy deltok på samlinga for fylkesstyret og for Radøy Venstre. Ho heldt eit engasjert innlegg i debatten om kommuneøkonomi. – Regjeringa fører ein politikk som kneblar lokaldemokretiet og tvingar oss til å føre FrP-politikk!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Magnhild Meltveit Kleppa har heilt rett. "Aldri har overføringane til kommunane vooore større"! Men det ho gløymer å ta med er at dei lovpålagte oppgåvene til kommunane har heller aldri vore større. Soria Moria erklæringa er full av fagre løfter, – konfronterer ein den same Kleppa om lovnader som ikkje er innfridd, har ho akkurat den same visa på lur. “Det er ei kommunal oppgåve, Aldri har overføringane til kommunane vooore større". Så sit regjeringa og klør seg både her og der og lurer på FrP-koden. FrP- koden heiter Raudgrøn- regjering! Verken bensinprisar eller innvandring greier å løfta FrP som regjeringa. Gapet mellom innbyggjarane sine forventningar, skapt av regjeringa, og det kommunane greier å levere har heller aldri vore større. Me går mot eit stortingsval, og dei som ikkje tek inn over seg at kommunane sin økonomi vert ei av dei største valkampsakene har vore for lenge borte frå lokalpolitikken. Det er i kommunane folk lever og møter den offentlege fattigdomen i størst grad. Dei partia som tek det til etterretning vinn valet.

Den Raudgrøne- regjeringa kneblar lokaldemokratiet. Den lokale handlefridomen er heilt vingeklyppa. Når no fleire rådmenn tek til ordet for at kommunane berre kan utføra lovpålagde oppgåver, gliser FrP politikarane. Hos oss har dei villa det lenge. Den Raudgrøne- regjeringa tvingar kommunepolitikarane til å føra FrP-politikk! Då lurer eg på kva som er vitsen med å engasjera seg politisk og bruka timar og kveldar på lokalpolitikk viss me har meir enn nok med ein administrasjon. Det som kjem sterkare og sterkare for meg er ei skummel side med FrP-ploitikken som eg ikkje har høyrt nokon trekkja fram- dei ynskjer ein to- nivå modell i forvaltninga. Greitt nok. Dei har fleire med seg om det. Men når dei i neste pust meiner at det eine nivået berre skal utføra oppgåver lovpålagt av det andre nivået, då minner dette om ein modell med eitt nivå!! Eit skummelt gufs, spør de meg.

I min kommune har me måtta vedta å innføra eigedomsskatt på all eigedom. Ein skatt eg opplever som utettferdig. Det er skatt på allereie skattlagde pengar! Men me hadde ikkje val. Me får overført tunge psykiatriske pasientar frå helse Vest. Dei høyrer til hjå oss, og skal få det tilbodet dei har rett på. Men når staten kjem med desse pålegga, og pengane vert att i helse Vest, var det nok til å knekka økonomien. Dette i tillegg til andre lovpålagde oppgåver det ikkje føl tilstrekkjeleg midlar til, kan nenma lønsoppgjeret, utgjer det kostnader på fleire millionar som det ikkje er enkelt å "hosta opp". Kommunen vår driftar så billeg at alternativa er å kutta i tilboda, eller å føra FrP-politikk- nemleg berre lovpålagde oppgåver. Det kunne ikkje kulturpartiet venstre gå med på. Eigedomsskatt- kamelen måtte svelgast. Innbyggjarane må betala for at me skal ha litt politisk handlefridom.

Nei, la oss ta folk på alvor og byggja opp velstandsnorge gjennom sterke og robuste kommunar som får oppgåver og midlar som tener innbyggjararne. Husk! Det er i kommunane folk lever og bur, oppdrar born og pleier gamle. Styrk kommunenorge!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**