Pengebruk i udemokratiet

Heile truverdet til Stortinget står i faresona når dei fremste tillitsvalde i landet ikkje stiller same krav til openheit til seg sjølv som dei krev av andre. Det er hovudbodskapen i eit kommentarinnlegg i VG 9. september, signert politisk kommentator Elisabeth Skarsbø Moen. Innlegget rettar merksemda mot viktige tema og prinsipp Venstre er samde i. Når ein skriv eit innlegg med slik moralsk tyngde, er det likevel viktig at ein sjølv er etterretteleg og presis. Her gjekk diverre VG i baret denne gongen, skriv generalsekretær i Venstre, Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

 - Dei andre partia er skeptiske og motstandarar av meir openheit. Når dei ser kor spekulativt VG har brukt informasjonen dei har fått av Venstre, har ikkje VG akkurat gjort arbeidet for eit opnare Storting enklare, skriv Breivik.

– Dei andre partia er skeptiske og motstandarar av meir openheit. Når dei ser kor spekulativt VG har brukt informasjonen dei har fått av Venstre, har ikkje VG akkurat gjort arbeidet for eit opnare Storting enklare, skriv Breivik.
Foto: Rune Kongsro

Av Terje Breivik, generalsekretær i Venstre

I innlegget brukar Skarsbø Moen mellom anna pengebruken til Venstres stortingsgruppe i 2004 som døme på kor viktig openheit er. Venstre var og er det einaste partiet som går inn for full innsynsrett i rekneskapen til stortingsgruppene, fordi dette er rett og sunt for demokratiet. Difor praktiserar Venstre på eige initiativ openheit om rekneskapen til stortingsgruppa vår.

Spekulativt
Det er rett som Skarsbø Moen skriv, at medieoppslag førte til at me vart merksame på tilhøve som seinare vart retta opp. Når Skarsbø Moen vidare hevdar at Trine Skei Grande misbrukte midlar til å nytta taxi på veg til og frå heimen, og tek dette til inntekt for at tvilsame disponeringar finn stad, bommar ho likevel grovt. Skarsbø Moen veit, eller burde vita, at ein stor del av taxibruken kom etter råd frå Politiets sikkerhetstjeneste på grunn av trugsmål mot Skei Grande. Skarsbø Moen påstår og at det ikkje er lov å betala rekneskapsføraren med naturalia. Kor finn VG paragrafen som forbyr det? At rekneskapsføraren, som tok til takke med ein kasse vin i oppgjer sparte titusenvis av felleskapskronene, er ikkje berre lovleg, men prisverdig.

Offentleg og open
Venstre er den fremste våpendragaren for at verksemda til Stortinget skal vera offentleg og open. Då partia handsama offentlegheitslova i 2006, var me nok ein gong det einaste partiet som ville at stortingsrepresentantar skal vere underlagde same retningsliner som alle andre i offentleg sektor. Det skulle berre mangla. Stortingsrepresentantane forvaltar embetet etter tillit frå borgarane, og skuldar å vera opne om utføringa av vervet. Godtgjersla og driftsmidlane stortingsrepresentantane har til rådvelde, er finansierte av skattar og avgifter betalte av borgarane. Det minste ein kan gjera som motyting er å opplysa tilbake om korleis pengane vert brukte.

Stortinget og demokratiet er avhengige av tillit. Tillit kan ein ikkje krevja, men fortena. Ingenting er så eigna til å forvitra tillit som påstandar og mistankar om dårleg forvaltning og eigennyttig bruk av midlane politikarane disponerar på vegne av felleskapet. Beste og enklaste måte å imøtegå slike påstandar på, er å vera opne om verksemda vår. Det gjeld både pengebruken og prosessane bak politiske avgjerdsler.

Honnør til VG
Det er lett å gje VG honnør for å reisa debatten, og stilla seg bak utfordringa dei avsluttar kommentaren med: "De parlamentariske lederne bør nå gå sammen om å gjenopprette tilliten. Det tjener alle på. Demokratiet aller mest".

Venstre kjem framleis til å stå i front for openheit om rekneskapen til stortingsgruppene og fullt innsyn i lobbyverksemda i Stortinget, regjeringa og Statsministerens kontor. Difor vil me mellom anna innføre eit lobbyregister. Personar, organisasjonar og bedrifter som oppsøkjer ein av desse institusjonane for å påverka ei sak, skal registrerast i eitt eige, offentleg register. Det er naturleg i eit ope demokrati. Slike register er til dømes for lengst på plass både i EU-parlamentet og i Kongressen i USA. Noreg bør ikkje vere annleis. Her og er dei andre politiske partia for passive. Ikkje ein gong SV, som i 2004 støtta Venstre om dette, er lenger på banen i denne saka.

Gapestokk
Dette er ikkje eit innlegg frå den feilfrie. Venstre har sikkert forbedringspotensiale i eige hus. Likevel tillet eg meg å stilla kritiske spørsmål til motivasjonen VG har for å reisa debatten. Er drivkrafta primært å få Stortinget til å praktisera meir openheit, eller er det for å fremja eigne interesser?

Dei andre partia er skeptiske og motstandarar av meir openheit. Når dei ser kor spekulativt VG har brukt informasjonen dei har fått av Venstre, har ikkje VG akkurat gjort arbeidet for eit opnare Storting enklare. Kanskje kan dette vera VG sitt bidrag for eit demokrati som er lettare å etterprøva: Skal ein først bruka gapestokken skal det i alle fall vera tufta på fakta og sanningar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**