Lit på Venstre i nynorskspørsmål!

Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, kritiserer Venstre sitt Stortingsprogram for ikkje å vere tydeleg i spørsmålet om nynorsk. Dette må vere grunna i ei mistyding av det som alltid har vore eitt av Venstre sine faste synspunkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I programmet til Venstre er det tydeleg slått fast at likestillingspolitikken for nynorsk og bokmål må halde fram, også når nye mediar og ny teknologi vert teken i bruk. Det var i si tid Venstre som var med og skapte målrørsla, og vi kan garantere at vi også i framtida vil arbeide for nynorsken.

Partiet skal arbeide for full respekt for at vi har to offisielle målformer — i tillegg til samisk — og det tyder at det skal vere lik rett og høve til å nytte begge målformene. Venstre vil difor halde fram med å fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk i alle samanhengar. Vi ser at nynorsk til tider kan trenge særskild merksemd i høve bokmål. Vi kan difor stadfeste overfor Norsk Målungdom og andre at vi også framover vil ha spesielt fokus på nynorsken med ei målsetning om at alle opplever likestilling mellom målformene.

Sogn og Fjordane Venstre
Torbjørn Kolås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**