Vernetanken står svakt i Voss!

Månadsbrevet av 1.sept. frå Voss Venstre fortel m.a. at klagesaker vedk.riving av Enkjeheimen er blitt avvist av store fleirtal i kommunale organ. Og ordførar og huseigar svarar ikkje på opne brev!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 8/08
Ja – då, det politiske livet i Voss er i gang igjen. Rett nok tok det ei tid ut i august før møte m.v. kom i gang., og då berre i formannskap/plan- og økonomiutvalet(FPL) og kommunestyret (KST). Voss Venstre hadde det første styre- og gruppemøtet 26.08.

Dessverre blei det ikkje noko av eit par påtenkte Venstreutspel/lesarinnlegg i Hordaland no i ferien. Får prøva å ta det igjen i haust!

Men kommunestyremedlem Knut Olav Nestås var i avisa for 23. aug. intervjua over mest ei heil side om korleis ungdomsrådet hadde fungert – var leiar 03/04 — og burde organiserast.

Og eit ope brev (skrive av TG) om Enkjeheimen kom i avisa 16.aug..Ei gruppe – med underteikna og Ole Didrik Lærum i spissen — etterlyste her svar på eit brev av 3.juni til Voss kommune ved ordførar og rådmann, og til Voss bustadutvikling ved styreleiar Kjellaug Brekkhus. I brevet/breva tilbaud gruppa seg som idè- og arbeidsgruppe for å vurdera alternativ bruk av Enkjeheimen. Pr. i dag, 02.09., har vi framleis ikkje fått svar, korkje på det første eller det andre no!!

Men i FPL-møtet den 21.08. blei klagen frå Hordaland fylkeskommune over rivingsvedtaket lagt fram til uttale. Fleirtalet gjekk inn for å avvisa klagen. Berre SV sin representant røysta for mitt framlegg om "Voss kommune kan i det alt vesentlege gi tilslutning til klagen frå Hordaland fylkeskommune, og er innforstått med at saka må vurderast på nytt."

Dette FPL-møtet var elles — som vanleg — prega av mange bygge- og plansaker. Ein kan vera merksam på at underteikna stemte for eit framlegg frå Høgre om at ein ny driftsbygning på Flatekvål skulle plasserast meir i tråd med ønskje frå naboane. Dette fall (H, V og Frp).

Ei forventa sak, om kommunen skal tilrå privat oreigning for å få tilkomstveg til tidlegare vedtatt byggjefelt i Brynamarka, var ikkje på saklista, og heller ikkje til KST 28.aug.. (I FPL 26.06. gjekk underteikna inn for å ta den førebels utgreiinga til orientering, dvs. ikkje ta standpunkt før saka var ferdig utgreidd.)

I KST- møtet 28.aug. godkjende kommunestyret m.a. plan som gir Mjølfjell ungdomsherberge høve til å gjera ein del av husa om til fritidsbustadar, reguleringsplan for utbygging i Bavallen, og vidare einskilde endringar i planen for utbygginga på Nyre (m.a. ikkje kulvert under Gjernesvegen). Venstre delte seg i spørsmålet om det skulle tillatast daglevarehandel i det nye Voss handelshus på Palmafossen (tidl. Geitleslakteriet.) Venstre føreslo her elles at det skulle arbeidast vidare med ein ny gangveg mellom Palmafossen lokalsenter og handelshuset. Blei oversendt til ajourføring av trafikksikringsplan. I samband med reguleringsplan for utbygginga for Coop i Skulestad, uttalte underteikna — som saksordførar – eit sterkt ønskje om eit vakrare bygg enn KIWI-bygget på Palmafossen!.

Klagesakene om utbygging av Amfisenteret, frå forretningsdrivande og frå SV og R er avviste.

Eit stort fleirtal, inkl. V, gjekk mot Eldrerådet sitt ønskje om tale og framleggsrett i kommunestyret. Venstre (Knut Olav Nestås og underteikna) peika på at det viktigaste — som grunnnleggjande element i demokratiet – var at mangfaldet i samfunnet, dvs. m.a. både eldre og yngre, var representerte i kommunestyret. Og kva grupper skal få tale-og framleggsrett, og kva ikkje? Men KST vedtok i tillegg — etter framlegg frå Ap — ei ordning som skal gjera det lettare for ulike grupper å kunna leggja fram saker for kommunestyret.

I september kjem møta i utval og styre tett. Vi reknar med saka om "Spegelvending " for uadressert reklame kjem opp i møtet 11. sept. i Utval for miljø og kultur (MKU). Knut Olav Nestås hadde ein interpellasjon om dette i KST før sommaren, der han føreslo at berre dei som seier ja til uadressert reklame, skal få det i postkassane. ( Som uttale til sentrale styresmakter.). Ordføraren svara då at ei sak skulle leggjast fram i MKU.

Arbeidet med budsjett for 2009 byrjar no. "Økonomisk arbeidsgruppe",dvs. FPL pluss repr. for dei 2 partia som ikkje er med i FPL (Krf og Raudt) og 3 hovudtillitsvalde skal ha sammøte med administrasjon 4. og 5. sept.. I følgje halvårsmeldinga går kommunen mot stort underskot i 2008 — noko som ikkje akkurat gir noko godt utganspunkt for 2009!

Styret i Voss Venstre hadde møte 26. aug.. Styret føreslo her m.a. nokre namn til Stortingslista neste år, drøfta tema for opent møte (truleg naturvern — småkraftverk), interpellasjonar om kulturplan/ kulturråd, og omsorgsbustader, brev til alle medlemmer/sosialt treff m.v..

02.09.08 Torstein Gunnarson Kristian Østrem
gruppeleiar V i KST leiar Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**