Dyr prestebolig med buplikt i Øystad

“Jan Kløvstad (V) fikk alle med seg på følgende: «Vi oppfordrer Den norske kirke om å avvikle ordningen med boplikt for prester og kommunalt ansvar for presteboliger.», skreiv Agderposten da driftsstyret behandla forslag om kjøp av prestebolig for ny kapellan i Øyestad i vår.Driftsstyret blei provosert av krava frå Presteforeninga, og vedtok makspris 1,5 millionar. Nå foreslår rådmannen at kommunen skal kjøpe hus for 2,6 millionar kroner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Rådmannen har følgt nøye med på eigedomsmarknaden, og funne fram til eit nytt hus like ved kyrkja på Engene. Prisen er altså 2,6 millionar. Men det skal jo også seiast at det ikkje bør vere risiko for at verdien fell på eit hus i dette nye feltet.

For Venstre handlar denne saka om to prinsipp, seier gruppeleiar Jan Kløvstad:

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

1. Prestar bør fritakast for buplikt, ei ordning som har vists eg å vere meir tvangstrøye enn glede for prestar i yrkeslivet og særleg som pensjonistar som har brukt livet til å betale leige på andres eigedom.

2. Vi likar ikkje systemet om at det skal vere fire soverom same kor mange eller få det er i eventuell familie til presten. Og vi likar ikkje at bustaden av denne storleiken skal vere innkjøpt FØR prestestillinga blir utlyst! Tenk om presten er einsleg, eller om presten har med seg ektemann og seks ungar. Da er det jo ikkje heilt klokt å ha eit hus med fire soverom.

Når det gjeld prestebustad i Øyestad har vi ikkje noe val. Vi vil stemme for det huset og den prisen rådmannen har kome fram til. Og så skal vi halde fram striden mot å plage prestane med buplikt også i andre organ enn i Arendal bystyre.

Les om rådmannens forslag i Agderposten.no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**