Motorveg i kvardagen også i sør

Ordførar Aksel Eng i Sør-Fron har eit viktig og grundig innlegg i Aftenposten 28. august om “Motorvei i hverdagen”. Han nemner at “Når nye E18 snart står klar på Sørlandet, er E6 i Gudbrandsdalen den eneste strekningen på det norske stamveinettet som ikke er utbedret.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

E18 bremsespor Brekka 1

Foto: Jan Kløvstad

Det er rett at det blir ein trygg og god veg med trafikksikre midtdelar mellom Kristiansand og Grimstad frå neste sommar, skriv Jan Kløvstad i dagens Aftenposten. Vi er djupt takksame for den nye vegen. Men mellom Tvedestrand og Arendal blir nok E18 da enda farlegare, med berre 119 meter mellom kvar gardsveg og busshaldeplass. På 19,2 km er det også to barneskolar, ein vidaregåande skole, to kyrkjer, ein idrettsplass, eit ungdomshus, to bedehus og mange gardar med aktivt jordbruk på begge sider av E18. Både i nord og sør får vi eit trygt køyremønster der bilane kjem inn frå trygge akselerasjonsfelt og forsvinn ut igjen til høgre. Og så kjem flaskehalsen mellom Tvedestrand og Arendal, ein strekning som både har høgare årsdøgnstrafikk (drygt 10500) og langt høgare sommartrafikk (juli over 20.000 i døgnet) enn dei skremmande tala ordførar Aksel Eng viser til i Gudbrandsdalen. Tungtransporten utgjer nå over 18%. Det vil seie fire gonger så mange trailarar kvart døgn som på E6 i Gudbrandsdalen. I tillegg kjem at vi har lenger veg til jernbanen. Heldigvis er det eit godt ekspressbusstilbod mellom Oslo og Sørlandet. Men bremsespora på E18 talar sitt tydelege og livsfarlege språk.

Ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal må inn igjen i Nasjonal transportplan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**