Venstre ville ha Musikkens hule høgare opp i prioriteringslista

Venstres Jan Kløvstad foreslo å prioritere prosjektet “Musikkens hule” på Stinta skole opp som nr 2 på lista over kulturanlegg, da bystyret debatterte rekkefølga i kulturbyggprioritering torsdag kveld. Jan Kløvstad viste til ein solid søknad frå dei fire korpsa Stinta skolemusikkorps, Arendal ungdomsmusikkorps, Arendal byorkester og Indre Torungen brassensemble.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I avstemminga fekk Venstre berre støtte frå to av Høgres representantar. Resultatet blei at “Musikkens hule” blir ståande på 3. plass.

Venstre ga rosande omtale av heile saksforslaget om kommunedelplan, og peika på det kloke i at prioritering av kulturbygg nå kjem inn i same debattar som prioritering av idrettsanlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**