Etterlyste Luteland-informasjon

Spørsmål til ordføraren frå Gudmund Solheim om avtalen mellom StatoilHydro og partane i Lutelandet Utvikling og trekking av ankesaka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


"Ordførar! Fjaler kommune er vel part i ankesaka om straumforsyninga av Gjøa? Har ordføraren planar om å informere dei politiske organa i Fjaler om stoda?" Desse spørsmåla vart formidla frå gruppeleiar Gudmund Solheim til Fjaler-ordførar Arve Helle torsdag 17. juli — eit par dagar etter at den framforhandla avtalen om Lutelandet låg klar.

Svaret frå ordførar Helle var klart avvisande. Regionrådet i Hafs hadde alt handsama avtalen og trekt anken. Ordføraren ynskte å handtere saka sjølv — og heller ta kritikk i ettertid.

For å unngå mistydingar sende Solheim følgjande presisering: "Eg etterlyser informasjon til det politiske miljøet i Fjaler, eit ansvar ordføraren bør ta på alvor. I det ligg ingen antydning om kritikk, og vi håper alle at avtalen er god."

Å sette fram krav, er ikkje arbeidsstilen vår – og vi beklagar sjølvsagt at
Fjaler-ordføraren ikkje har oppfatta at vi etterlyste informasjonsmøte i dei politiske organa for å få ein grundig gjennomgang av Luteland-avtalen.

Der er greit nok at ordførarane i Hafs tok på seg oppgåva med å samordne anken overfor statsråd Haga(Sp). Likevel meiner vi det formelt sett er Hafs-kommunane som står bak anken, og at det difor ville vere naturleg å informere dei folkevalde organa om avtalen. Ikkje minst med bakgrunn i den uryddige prosessen som Stoltenberg-regjeringa har regissert.

Det var eit samla kommunestyre i Fjaler som tok initiativet til å skape aktivitet på Lutelandet gjennom skipinga av Lutelandet Utvikling AS. Fjaler-politikarane og lokalpartia har heile tida vore ivrige og entusiastiske medspelarar, og mange viktige fylkes- og rikspolitiske kontaktar er blitt knytta. Kommunale midlar vert kvart år løyvde til føremålet, og kommunestyret har ved fleire høve fått nyttig informasjon om selskapet sine planar og strategiar.

Vi meiner difor at ordførar Helle hadde gjort lurt i å ta ei grundig informasjons- og drøftingsrunde om Luteland-avtalen med kommunepolitikarane. I det minste let det seg gjere å kalle saman formannskapet på kort varsel. Og alle partia i Fjaler er representerte der. Vi minner også om at Fjaler er vertskommune for Lutelandet.

Etter som Luteland-avtalen ikkje har stått på det politiske sakskartet i Fjaler, og med formannskap og kommunestyre plasserte på sidelinja, har Venstre ikkje sett nokon grunn til å handsama avtalen internt i lokalpartiet. Men underteikna ville nok — om det hadde vore aktuelt — mest truleg ha røysta for avtalen. Ikkje minst fordi regjeringa har kasta korta i saka — og at det såleis var ein reell fare for å stå att med ingenting. Derimot trur vi — i motsetning til ordførar Helle — at det opphavelege stortingsvedtaket om straum til Gjøa, hadde vore eit tryggare grunnlag for å få til framtidig utvikling på Lutelandet.

Denne saka viser også kor utruleg stor makt StatoilHydro har. Selskapet kan eigenrådig trasse Stortinget og deretter presse regjeringa frå skanse til skanse. Lite tyder på at Sogn og Fjordane nokon gong vil få sin rettmessige del av gass- og oljerelaterte aktivitetar. Likevel er vi, til liks med ordførar Helle, framleis optimistiske – med god tru og von om framtidig verksemd på Lutelandet.

Ordførar Helle gjer eit stort og til dels usakleg poeng av at Venstres medlem i fylkesutvalet, Marit Barsnes Krogsæter, røysta mot avtalen under handsaminga der. Sjølv om vi er usamde i konklusjonen hennar, respekterer vi at ho er i sin fulle rett til å gjere sine eigne vurderingar i saka. På same måte som vi respekterer at ordførar Bente Frøyen Steindal i Flora nekta å skrive under avtalen, eller at stortingsrepr. Reidar Sandal har uttrykt seg sterkt kritisk til både avtale og prosess.

Til slutt vil vi minne om at ordførar Helle for to år sidan kalla saman både formannskapet og kommunestyret til ekstraordinære møte midt i fellesferien for å drøfte konflikten mellom Fjaler kommune, Dale Sko og Transplant. Vi har vanskar med å sjå at denne saka skulle vere så mykje viktigare enn den framtidige utviklinga på Lutelandet.

Gudmund Solheim
gruppeleiar Fjaler Venstre

Hogne Kvangarsnes
leiar Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**