FrP, hukommelse og ansvar

Etter dagens bystyredebatt er vi blitt bedne om å sette inn vedlagte artiklar som ønskereprise på heimesidene våre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


22. august 2008
Det første er ein notis frå 22. august: I dagens Agderposten er det eit oppslag om FrPs “ansvarlege økonomiske politikk” i Arendal, der Arne Austenå og Ingebjørg Godskesen driv med det som John Lyng i si tid kalte “erindringsforskyvning”. Les Jan Kløvstads kommentar til oppslaget, ein kommentar som blei skriven alt 9. januar i år, som ein kommentar til det uansvarlege budsjettforslaget FrP hadde i Arendal for 2008 og planperioden 2008-2011.FrP blei invitert til å svare på artikkelen på våre heimesider i januar, men det kom aldri noe svar……

Sanninga er at FrP har sagt nei kvar gong dei har høyrt småsummar om kultur og kvar gong dei har høyrt orda flyktning eller utlending, men elles har dei fremma det eine dyre forslaget etter det andre. Dei har spart på skillingen og latt dalaren gå. Det hadde ikkje Arendal blitt rikare av, verken som kommune eller som samfunn.

9. januar 2008
Og det andre er eit oppslag frå 9. januar, om det totalt uansvarlege budsjettforslaget FrP reiste og merkeleg nok også stemte for i bystyret 13. desember 2007. Nå nærmar det seg budsjettdebatt igjen. La oss håpe at det er noe meir ansvarskjensle for komande år.

Jan Kløvstad bøker 1

Foto: Anna Hjeltnes

Her er artikkelen frå Arendal Venstres heimeside om onsdagspartiet FrP 9. januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**