Fylkessekretær Sogn og Fjordane

Linda Ness Rotihaug er tilsett som fylkessekretær i Sogn og Fjordane Venstre. Linda vil ha ansvaret for den daglege drifta av fylkeslaget med oppgåver som organisasjonsutvikling, planlegging og økonomi. Ho vil vere kontaktleddet til lokallaga og tilgjengeleg for alle som treng hjelp eller lurer på noko vedkomande Venstre i Sogn og Fjordane. Vidare vil Linda vere med fylkestingsgruppa på fylkesting og politikardagar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Linda er 40 år, kjem frå Askvoll og er gift og har tre jenter. I tillegg til å vere fylkessekretær i Venstre er ho sekretær og MOT informatør i Askvoll kommune. Ho er engasjert i ulike organisasjonar og har vore handballtrenar i mange år. Frå hausten 2007 vart ho også kommunepolitikar for Askvoll Venstre.

Linda har heimekontor i Askvoll og er tilgjengeleg måndag, tysdag, torsdag og fredag frå kl 14.30-17.30 samt onsdagar kl. 08.30-15.15.
Du når Linda på e-post: [email protected] eller [email protected]
Mobiltelefon 95 94 91 56

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**