Pinleg, umodent og dårleg dømmekraft

Leiaren i Agder Journalistlag, Thomas Sommerset, har invitert advokrat Sigurd Klomsæt for å halde foredrag på journalistkonferanse. Emnet er at Klomsæt vil ta oppigjen Baneheia-drapa, på vegner av ein av dei som blei dømt for dei grusomme drapa. Å invitere Klomsæt er ille nok. Når journalistleiaren i tillegg gjerne ser at ein av dei drapsdømte får permisjon for å kome på konferansen, blir det enda verre. Journalistleiaren viser grov uforstand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På VG-nett, sitert i Agderposten 12. august, omtalar journalistleiar Sommerset den drapsdømte med fornamn. Dette er ille, pinleg og lite tillitvekkande. Journalistane i landsdelen bør straks finne seg ein leiar med mykje betre dømmekraft.

Fornamn brukar vi på barn, på gode venner og kolleger – og i nyare tid om folk vi ser som førebilde og idol. Det kan gjelde idrettsstjerner, enkelte politikarar og andre som har fått stjernestatus.

Å omtale ein drapsdømt i ei av dei verste drapssakene i norsk historie med fornamn er eit uttrykk for dårleg dømmekraft, og er nok også ein sterk søknad om å få sleppe å dekke ein einaste rettsak i seriøse media dei nærmaste tiåra.

Klomsætifiseringa har vi sett fleire døme på, populistiske utspel som ikkje alltid styrkar saka til klientane.

Jan Kløvstad

Les også distriktssjef Kjell Pihlstrøms kommentar i NRK Sørlandet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**