Bo Wærenskjold er død

Bo Wærenskjold, født i 1935, døde 12. juli, og det var minnestund i Arendal gamle rådhus 28. juli.

Representantar for familien, Human-Etisk Forbund, Arendals Dramatiske Selskap og Arendal Venstre talte ved kista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Bo Wærenskiold

Foto: Venstre

Her er talen Jan Kløvstad heldt:

"Vår gode venn Bo Wærenskjold er ikkje meir. Dei elegante formuleringane og den varme omtanken som har gleda oss så mykje og gitt oss mykje god kunnskap, lever vidare.

For Bo var kulturlivet og ungdommen alltid viktig. Eg bladde tilbake i noen av Bos artiklar, og fann den velkjente blandinga av solid kunnskap, langsiktige visjonar og skarp formuleringsevne. Han skreiv om benkeforslaget frå Venstres Marit Aslaksen frå mars 1975 om at Andresens hus ikkje skulle leigast bort, men bli brukt til eit kommunalt ungdoms- og kulturaktivitetsbygg. Bak forslaget stod mange aktive i ungdomsmiljøet og kulturlivet, og arkitekt Terje Thorstensen hadde laga ein plan. Bo skreiv: "Benkeforslaget oppnådde å bli vedtatt, "Andresens hus" ble utsatt. Plankomite ble nedsatt og arkitekt Thorstensen tilsatt."

Eit års iherdig utgreiingsarbeid, og så vedtok Arendal bystyre samrøystes å følge innstillinga. "Andresens hus" blei til Kilden. Bo var aktivt med i byggekomiteen. Han har brukt mange kveldar i sitt rike liv nettopp i dette bygget. Og han fekk oppleve eit nyrestaurert og modernisert Kilden nå i vår.

Bo Wærenskjold var aktivt med i Venstre i Arendal så lenge eg kan hugse. Han kom til byen i 1974. Han var på gruppemøtet nå i juni, han hadde meldt seg på sommartreff i Lillesand 22. juli. Men så gjekk han altså bort mens han framleis la planar for korleis han kunne vere med på å fremme kulturinteresser og ungdomsarbeid.

Bo har vore styremedlem, nestleiar og leiar i Arendal Venstre. Han har vore folkevalt, både i bystyret og kulturstyret. Han har tatt dei tunge taka i periodar partiet sleit fælt. Han har støtta opp om kvar einaste ungdom som har kome til. Han har gitt verdfulle bidrag i all snekring av program — med kultur, rusomsorg, kulturvern og ungdom.

I vinter var Arendal bystyre med på å etablere Sør-Norsk filmsenter, og Bo blei valt som Arendals første styremedlem i filmsenteret. Også der var han full av planar og pågangsmot.

Bo gjorde så mykje, i NRK Fjernsynet, som forbrukarkonsulent, i amatørteatermiljøet. i Human-Etisk Forbund, i rusomsorgsarbeidet, i avisspaltene. Og altså mykje i Venstre.

På vegner av Arendal Venstre vil eg takke for alt Bo har gjort for ungdommen, for kulturen, for byen.

Bo var eit godt menneske. Eg lyser fred over Bo Wærenskjolds minne."

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**