119 meter mellom kvar avkjørsel – ein Norgesrekord vi ikkje vil ha

E18 mellom Arendal og Tvedestrand har 161 avkjørslar og busshaldeplassar på 19,2 km. Det er med andre ord 119,25 meter mellom kvart alvorleg avbrot i køyrerytmen.

Årsdøgntrafikken ved Stølen i Arendal var 10 818 bilar i 2006. I juli passerte 14 944 bilar kvart døgn, utfrå Vegvesenet sine tal frå 2006. Vegvesenet trur at 10% fleire bilar er på vegen nå, utfrå målingane ved Akland i 2006 og 2007 (auke på 5,7% på eitt år). Det vil seie nesten 16 500 bilar kvar julidag. Fredag og søndag kan vi legge til enda 50%, – og vi har truleg rundt 25 000 bilar mellom Stølen og Tvedestrand kvart døgn. Fredag og søndag i juli er det mindre enn 4 sekund mellom kvar bil, heile døgnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

E18 bremsespor Brekka 1

Foto: Jan Kløvstad

Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Venstre kjempar for ein ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal. Det bør vere samanhengande trygg standard mellom Oslo og Kristiansand. Arendal Venstre var dei første lokalt som åpent gjekk inn for bompengar også i valkampar. Eit fleirtal i Arendal bystyre har også lagt grunnlaget for ny og trygg veg ved å seie ja til bompengar. Vi arbeider nå for å få ny E18 inn i igjen i Nasjonal Transportplan. Stortingsgruppa i Venstre gir oss full støtte. Vi ventar spent på fleire parti, og har til nå oppfatta positivt utspel frå Høgre.

Dei første kilometrane med trygg E18 med midtdelar er åpna vest for Grimstad og mellom Dyreparken og Varoddbrua. Neste sommar får vi ein jamn og god køyrerytme heilt frå Søgne til Stølen. Frå aust og vest blir bilistane vane med at alle kjem inn på vegen i 70/80 km/t i akselerasjonsfelt frå høgre, og alle som skal av vegen forsvinn same veg i same fart i solide retardasjonsfelt. E18 er fri for busshaldeplassar sørfrå, – og landbruksvegar direkte av/på E18 finst ikkje verken i sør eller nord. Men så er det tett i tett med skremmande trafikkfeller frå Stølen i Arendal til Rømyr i Tvedestrand.

Bremsespora
Dei mange avkøyringane fører til mange ulykker og enda fleire nestenulykker. Ein biltur ein tørr sommardag gir eit skremmande syn, med bremsespor frå 20 til 200 meter før nesten kvar einaste avkøyring til venstre når folk kjem sørfrå, frå Arendal. Alle bremsespora er nestenulykker.

Forbikøyringslommer kan vere løysinga noen stader mens vi ventar på ny veg. Ved Lona Listhøvleri og ved Landbruksskolen i Holt er det forbikøyringslommer, og der har eg ikkje sett bremsespor på fleire år. Andre viktige løysingar er å bruke buss og tog langt meir enn i dag, reduserte fartsgrenser og aktiv skilting om farleg veg.

Farleg veg
På denne strekninga har det vore meir enn ti drepte dei siste ti åra. Alvorlege ulykker er også registrert, men det finst ikkje tal for mindre alvorlege ulykker og alle nestenulykkene. Målet er å få ein trygg veg – vekk frå 161 avkøyringar, vekk frå to barneskolar, ein vidaregåande skole, to kyrkjer, to barnehagar, ein idrettsplass, eit ungdomshus, eit misjonshus og mange landbruksvegar.

Det viktige nå er å sørge for at E18 mellom Tvedestrand og Arendal kjem med i Nasjonal transportplan også i komande periode. Den trulege Norgesrekorden med mindre enn 120 meter mellom kvar avkøyrsel unner vi verken oss sjølve eller andre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**