Leiar i nominasjonsnemnda, Jan Kløvstad.
Til Venstremedlemene i Aust-Agder
For å nå målet treng vi hjelp frå DEG:
1. Hjelpe oss å finne dei beste kandidatane
2. Gjere eit godt valkamparbeid frå nå og fram til september 2009.
Her kjem første oppgåve:
Innan 15. september skal lokallaga kome med urangerte forslag på namn til nominasjonsnemnda. Les gjennom krava nominasjonsnemnda har drøfta under:
"Førstekandidtaten skal
– identifisere seg med Venstres program/ideologi
– ha vore synleg i samfunnsdebatten dei siste åra
– trekke stemmer, og levere ein valkamp så resultatet i Aust-Agder ligg over landsgjennomsnittet
– vere ein kandidat vi kan vere stolte over
– betre kvaliteten på Agderbenken
– løfte stortingsgruppa
– vere topp motivert."
Send forslaget ditt til lokallagsleiaren, eller til leiaren i nominasjonsnemnda [email protected], eller til andre medlemer i nominasjonsnemnda. Medlemene er Hans Antonsen, Torunn Haugen, Lilly Berland, Olaf Engestøl (Unge Venstre) og det blir også utnemnt ein medlem for Venstrekvinnelaget.
Nominasjonsnemnda har møte like etter 15. september for å summere opp alle forslag. Namna blir sendte til alle lokallag innan 1. oktober, for at lokallaga innan 1. november skal sende inn rangerte forslag til nemnda. Innan 15. november sender nominasjonsnemnda sitt forslag til alle lokallag og alle medlemer vi har e-postadresse til, i tillegg til at vi legg ut forslaget her på www.venstre.no/austagder. Datoen for nominasjonsmøtet blir bestemt av fylkesstyret i første møtet etter sommarferien.
Beste helsing
Jan Kløvstad
leiar i nominasjonsnemnda