Lokalgeografi og politikk i Orkdal

Frå Orkanger hevdar nokre at kommunens største tettstad lid av underrepresentasjon i kommunestyret, bl.a. “Orkangerfanatiker?” i eit innlegg i avisa Sør-Trøndelag. Dette går kommunestyreprepresentant Lavrans Skuterud i mot i eit innlegg i same avis den 30. november:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


“Orkangerfanatiker?” har i ST 27. november ei oppsummering av kvar kommunestyrerepresentantane i Orkdal bur. Bl.a. står det: “Verken SV, KrF, Sp eller Venstre har folk fra Orkanger i kommunestyret nå”. For ein innflyttar vitnar det om lokale og historiske perspektiv – og presise definisjonar – når ei adresse 300 m sør for rundkøyringa på Bårdshaug ikkje blir rekna som Orkanger. Grunnlaget for oppsummeringa er at bustad må avgjere meiningar i politiske saker, elles blir oppsummeringa meiningslaus. Det er freistande å spørje: På seg sjølv kjenner ein andre? I ei verd med større mobilitet både internasjonalt, nasjonalt og lokalt stussar eg over at nokon meiner dagens bustadadresse har så mykje å seie for medmenneskes politiske syn. Dette godtek iallfall ikkje eg, og truleg ikkje mange av dei andre folkevalde heller, anten dei er innflyttarar eller ikkje.
Vekstkommunen Orkdal og kommunesenteret Orkanger står framfor store og spanande utfordringar i åra som kjem. For at desse skal bli løyst på best måte må så mange som mogleg løfte blikket, også utanfor kommunestyresalen.

Lavrans Skuterud
gudbrandsdøl, Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**