Ei fersk undersøking SFT har fått gjennomført syner at det er stort sprik mellom nordmenns miljøvennlege haldningar og korleis vi i praksis oppfører oss som forbrukarar. Undersøkinga syner at fleire etterspør betre merking av produkt, og mykje kan og bør bli betre. Samtidig har vi neppe nokon gong tidlegare hatt så gode moglegheiter til å velje gode miljøvennlege produkt t.d. i daglegvare og byggevare: I butikkane er produkta merka (den nordiske Svanen eller EUs Blomsten) og på Internett er det gode oversyn over miljømerka produkt innan ulike varekategoriar på www.svanemerket.no. www.gronnhverdag.no er også ein fin start for dei som søkjer miljøvennlege løysingar i kvardagen, og har lenker til fleire nyttige sider. Meld deg inn i Grønn hverdag! Spør etter dei miljømerka varane, og ikkje la "dårleg merking" bli ei for enkel unnskyldning. Det er gjennom våre val som forbrukarar vi kan påverke leverandørar og marknad! Dette gjeld også i dei kommunale byggeprosjekta vi står framfor i Orkdal.
God, miljøvennleg sommar!
Lavrans Skuterud