FrPs fridom utan ansvar i trafikken

Overvurdering av regjeringa sitt ansvar, eller nedvurdering av sjåførar og passasjerar sitt ansvar? FrPs argumentasjon i sommarens trafikksikkerheitsdebatt forundrar. Følgjande lesarinnlegg stod i avisene Sør-Trøndelag og Adresseavisen 24. juli:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Trafikkulykke sikkerhet

Foto: © István Csák | Dreamstime.com

I sommarens trafikksikkerheitsdebatt går FrP langt i å tillegge regjeringa alt ansvaret for auken i trafikkulykker, bl.a. med Torstein Larsen og Per Sandberg sine innlegg i avisene Sør-Trøndelag og Adresseavisen 17. juli. FrP er eit liberalistisk parti som trur på enkeltmenneskets fridom. I trafikken ser det ut til at FrP meiner det er fridom nesten utan ansvar. Korleis kan FrP elles meine at ein rask auke i ulykker er regjeringa sitt ansvar, når regjeringa ikkje har stått for ein tilsvarande rask reduksjon i tryggingstiltak i trafikken? Sjølvsagt bør det gjerast meir, men ansvaret som ligg hos sjåførar og passasjerar er likevel udiskutabelt. Ulike initiativ for å oppfordre fleire passasjerar til å dempe råkøyrarar er også nødvendige, da desse sjåførane openbert må påminnast deira ansvar. FrPs forsøk på å fråskrive enkeltmenneske ansvar er lite konsekvent i forhold til FrPs ideologi, og desto meir typisk for eit populistisk parti. Det hadde vore interessant og høyrd skatte- og avgiftsskeptiske FrP sin argumentasjon om ansvar dersom vi ikkje hadde hatt oljemilliardar å bruke på veg i det lange fjellandet Noreg.

For meir fridom OG meir ansvar,
Lavrans Skuterud
Orkdal og Sør-Trøndelag Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**