Andres nød, FrPs brød?

Orkdal FrP går inn for stopp i mottak av flyktningar i Orkdal dei neste fire åra. I eit innlegg i avisa Sør-Trøndelag går Lavrans Skuterud (3. kandidat Orkdal Venstre) ut mot FrPs haldning til flyktningar og innvandrarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I eit intervju med Torstein Larsen i avisa Sør-Trøndelag 12. juli kjem det fram at Orkdal FrP ønskjer stopp i mottak av flyktningar i Orkdal dei neste fire åra, med argument om at vi skal ta oss betre av dei som allereie bur i kommunen. Det siste burde vore framsett som ei utfordring i kvardagen for kvar og ein av oss! Men å gå inn for at vi ikkje skal ta i mot flyktningar i dei kommande åra blir som å stenge døra til omverda, eller å seie at “Dei neste fire åra skal det ikkje vere krig i verda”. Kva om det oppstår nye store katastrofar som gjer at Noreg blir beden om å ta i mot fleire flyktningar?
Orkdal FrP ønskjer heller ikkje at kommunen skal gje morsmålsundervisning til flyktningane. Gjennom intervjuet med Olav Jensås ved Vaksenopplæringa i Orkdal på same side bringer heldigvis avisa gode argument for denne undervisninga. Men ser ikkje Larsen sjølv motseiinga i at “De som vil holde på morsmålet sitt, kan gjøre dette hjemme” og ønsket om at dei skal prate meir norsk i heimen? Det vil vere ganske naturleg om manglande morsmålsundervisning utanfor heimen blir brukt som unnskyldning for å prate mykje morsmål heime. Og bør vi ikkje bidra med noko basiskunnskapen til dei som kanskje i framtida kan tenke seg å reise frå dette kalde landet i nord når situasjonen i heimlandet har betra seg?
Integrering er eit gjensidig ansvar og ein gjensidig prosess, som krev respekt og stiller krav til begge parter. Derfor stiller fleire parti krav til flyktningar og innvandrarar, t.d. i forhold til språkkunnskap. Det som kanskje skil FrP mest frå andre parti i flyktninge- og innvandringspolitikken, er ønsket om å profittere på kostnad av svake grupper, og mangelen på respekt for fagfolks erfaringar og tilrådingar.

Lavrans Skuterud,
Orkdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**