Nytt kulturhus på Voss, ja! Ufullstendige saksutgreiingar, nei!

I info.brev nr. 7/08 frå Voss Venstre blir det gitt nærmare orientering om utviklinga i juni av 2 omstridde saker; riving av Enkjeheimen og utviding av kjøpesentereret Amfisenteret. Vedtak om bygging av nytt kulturhus for bibliotek, kulturskule,vaksenopplæring, kyrkjelege kontor,turistinformasjon, kino- og konsertsalar var elles den store saka i siste kommunestyremøtet før ferien.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Litt forseinka i høve til månadsskiftet, og no er vel mange på ferie — men likevel ein liten rapport frå det politiske livet i Voss i juni.

Saka om riving av Enkjeheimen er stadig ikkje avklara. Lovlegklaga som underteikna — saman med Anne Jorun Ryum Møen og Einar Horvei(SV) og Arne Mosefinn(KrF) — stod bak, blei avvist av fylkemannen av formelle grunnar (for seint inn.) Men så har fylkeskommunen klaga over rivingsvedtaket! Dette er ikkje kome opp til fråsegn frå FPL/KST.

Elles sende Ole Didrik Lærum og underteikna m/fleire 3.juni (I "Hordaland" 5.juni) eit ope brev til Voss kommune v/ordførar og rådmannn, og til Voss bustadstifting v/styreleiar Kjellaug Brekkhus der vi tilbaud oss som idegruppe/arbeidsgruppe for vidare bruk av Enkjeheimen. Vi har ikkje fått noko svar!

"Hordaland" har elles fortald at styret i Sosialbygget kan vera interessert i å kjøpa tomta for å reisa fleire omsorgsbustader. (Det kom då beleileg!) Vi må nok på nytt purra på KST-vedtaket for 11/2 år sidan — etter framlegg frå Venstre – om å greia ut bygging av omsorgsbustader på Udlabutomta!

Lovlegklage til fylkesmannen er også reist for vedtaket om vidare utbygging av Amfisenteret. Vi/eg fekk førespurnad om å "fronta" dette. Men då det her fanst "partar" som kunne klaga, dvs. forretningsdrivande på Vangen, og eg meiner Venstre bør vera litt forsiktig med ofte å opptre slik at vi blir oppfatta som formalistar/ opptatt av det juridiske, underskreiv eg ikkje klagen. Eg tilrådde elles kontakt med Einar Horvei, SV. Klage blei så sendt både frå nokre forretningsdrivande og frå kst-repr. frå SV og Raudt. Denne bygde ganske direkte på eit notat frå Olav Ohnstad (også trykt i "Hordaland"). Klagen frå dei forretningsdrivande blei behandla i FPL 26. juni. Fleirtalet vedtok — mot V og SV sine røyster — at ein ikkje såg nokon grunn for klagen. Og for ordens skuld; eg er einig i det som er påpeika i klagen, og ser derfor med spaning fram til fylkesmannen si behandling!

Den store saka i KST 19. juni var bygging av kulturhus. Sluttbehandlinga gjekk nokså kjapt, med to FPL-møte om føremidagen for å avklara ulike spørsmål, og å drøfta mogelege vedtak.
Vedtaket i KST blei så utforma av underteikna og Hans Erik Ringkjøp frå Ap, og blei fellesframlegg også for Sp, KrF og Frp. Ved endeleg avrøysting gjekk det store fleirtalet for dette. 4 stemte for eit framlegg frå Sv om eit bygg med ca. 10 mill. lægre kostnadsrame (men utan spesifikasjon av kva som skulle skjerast). Underteikna blei vald inn i byggjenemnda, i lag med ordførar og varaordførar.

Saka blei så ytterlegare gjennomgått i eit ekstra FPL-møte 30.juni. Det blei då grundig dokumentert at anbodsgrunnlaget var heilt i tråd med kva den forrige styringsgruppa (dvs. inkl. m.a. Bjørn Christensen og Arnfinn Gjerdåker) og kommunestyret hadde vedtatt, og at auka kostnader kom av det då utvida arealet og generell kostnadsauke elles.

FPL kom i møtet ikkje fram til nokon ekstra/særlege nedskjeringstiltak (utan større omarbeiding av planar) , så kostnadsrama er som vedtatt 96 mill (+ mva., som vil bli refundert). Fylkesmannen har godkjent dette som ekstra låneopptak, i og med at bygget er rekna som "sjølvfinansierande".

Men vi må vera merksame på at "sjølvfinansierande" her er sett i høve til leigekostnader for nye/tidhøvelege lokale for bibliotek, kulturskule og kyrkjelege kontor — ikkje tidlegare/no betalt leige i Kyrkjebø, på Tvildemoen og i høgskulebygget!. I tillegg er lagt til grunn at nye kinolokale skal gi inntekter som meir enn dekkjer utgiftene til desse.

Fylkesmannen har i tillegg kravd at lånet skal vera serielån, noko som vil gi relativt høgre utgifter til rente og avdrag første åra.

Dette inneber at bygginga nok vil medføra negative konsekvensar for andre investeringar og/eller for driftsbudsjett! (Er ikkje sikker på om alle KST-representantane var klar over dette!)

KST-møtet 26.06 hadde elles ei omfattande orientering om og analyse av situasjonen innan pleie og omsorg. Konklusjonen var – som før – at Voss må satsa sterkare på heimehjelp og heimesjukepleie, mens talet sjukeheimplassar er rimeleg bra. Lang tid gjekk også med til drøfting av ruspolitisk handlingsplan, dvs. eigentleg berre om eitt punkt; skjenketidene. (Desse blei i hovudsak som no..)

FPL-møtet 26.juni hadde ei mengde plansaker. Relativt stor debatt blei det i tilknyting til ei orientering frå administrasjonen om at denne i august — føresett visse vilkår – ville kunna koma med ei positiv tilråding om kommunal tilslutning til privat oreigning for å få tilkomstveg til tidlegare vedtatt byggjefelt i Brynamarka. . H, Sp, SV og Frp kom så med eit fellesframlegg som gjekk mot oreigning til private formål. Dei kravde dette votert over som alternativ til orienteringa frå administrasjonen. Underteikna og Ap stemte mot dette fellesframlegget — då vi meinte dette var ein uriktig måte å votera på. Men både eg – og AP- tok klare atterhald om at vi ikkje hadde tatt standpunkt til oreigning eller ikkje, men ville vi koma tilbake til det når saka var ferdig utgreidd.

God sommar!!

Mvh. Torstein Gunnarson gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**