Pressemelding frå Gunvald Ludvigsen: Vend i tide, det er ingen skam å snu!

Styret i Helse Førde sitt vedtak 20. juni 2008 om å sentralisere narkosebasert akuttbehandling innan ortopedi til sentralsjukehuset i Førde, er etter mitt syn lite gjennomtenkt. Det minner mest av alt om eit panikkvedtak og for å vise at styret har handlekraft. Eg vil minne styret om fjellvettregel nr. 8: Vend i tide, det er ingen skam å snu.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Einaste argumentet eg har sett for sentraliseringsvedtaket, er at ein vil styrkje utdanningstilbodet innan ortopedisk kirurgi i Førde. Dette gjer ein med opne auge ved å svekke, ja kanskje rasere, eit svært godt utdanningstilbod ved Nordfjord sjukehus. Sist haust var den nasjonale spesialistkomiteen på vitjing i Nordfjord. Komiteen konkluderte som følgjer: “Avdelingen er åpenbart et utmerket utdanningssted innen ortopedi. Grunnet stor operativ virksomhet, høy faglig kompetanse og gode læringsvilkår bør avdelingen kunne ha to utdanningskandidater.”

Ei slik fjør i hatten er det få lokalsjukehus i landet forunt å få! Det er rett og slett eit kvaltetsstempel for sjukehuset generelt og for ortopedimiljøet spesielt, å få ein slik karakter. Helse Førde burde vere stolt av ei slik avdeling og heller styrkje enn svekke eit slikt unikt fagmiljø i helseføretaket.

At sentralsjukehuset i same slengen fekk dårleg skussmål i høve utdanning av ortopedar, er sjølvsagt trist, men medisinen for å betre tilhøva i Førde, er ikkje å rasere eit særs godt og velfungerande utdanningstilbod ved Nordfjord sjukehus og som kjem heile Helse Førde til gode. Då må dei heller gå i seg sjølve, både dei som skal organisere utdanningstilbodet og ikkje minst dei som skal vere rettleiarar.

Helse Førde treng alle pasientar frå heile fylket. All sentralisering av pasienttilbod frå Nordfjord og Sogn til Førde, vil innebere ein risiko for at pasientar i Nordfjord vil vende seg mot Helse Sunnmøre og at pasientar frå Sogn vel Voss eller Bergen. Dette er ikkje skremselspropaganda, men heilt reelt. Det skulle vere nok å minne om pasientlekkasjen som skjedde til Volda etter at eit velfungerande urologitilbod ved Nordfjord sjukehus vart avvikla. Slik pasientlekkasje er øydeleggjande for alle sjukehusa i Helse Førde, ikkje minst for sentralsjukehuset i Førde.

Samhandling mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta vert viktigare i framtida. Den nye helseministeren har sagt at dette vil han ha sterkt fokus på. Fleire av kommunane i Nordfjord har gått saman om felles legevaktordning. Dette er heilt i tråd med ønskja om betre samhandling. Slik samhandling føreset tillit mellm partane. Styret sitt sentraliseringsvedtak undergrev tilliten mellom partane og svekker gjennomføringa av slike viktige og naudsynte samhandlingsprosjekt. Eg tykkjer dette er både trist og tragisk og tyder på at eine handa ikkje veit kva den andre gjer.

Alle sjukehusa i fylket er heilt sentrale velferdstilbod for folket i Sogn og Fjordane. Folket hegnar om sjukehusa sine på ein måte som viser at dei er viktige i folk sine kvardagsliv, frå fødsel til grav. Engasjementet har kome til uttrykk både i skrift, tale og fakkeltog, men ikkje minst i samband med pengeinnsamlingar til kostbart medisinteknisk utstyr. Det er arrogant av eit styre å oversjå dette ekte og djupfølte engasjementet!

God medisinsk kvalitet ved alle sjukehusa og rimeleg nærleik til dei medisinske tilboda, er med på å gje oss alle eit likeverdig og trygt tenestetilbod. Men då må ikkje dei som i utgangspunktet skulle vere heile folket sine tenarar og beste vennar, nemleg styret i Helse Førde, vere folket sine verste fiendar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**