Framlegg sendast til fylkessekretær Linda Ness Rotihaug på e-post. Dersom det vert send pr. post: Sogn og Fjordane Venstre v/Linda Ness Rotihaug, Nes, 6980 Askvoll.
Vi ber også om at kvart lag oppgir ein kontaktperson med adresse, e-postadresse og telefonnr.
Nominasjonsnemnda består av medlemmene som de finn i vedlegg 2 til dette brevet. Nemnda vil arbeide etter planen som de også finn i vedlegget. Framdrifta for nominasjonsarbeidet er stram og vi håpar difor at lokallaga legg opp møter i høve planen slik at de kan handsame saker i tide til å få sendt dei inn til fristane.
Ved tidlegare høve har nominasjonsnemnda fått spørsmål om lista frå førre val. Denne ligg difor vedlagt til orientering.
Eit lokallag kan støtte kandidatar som blir foreslått frå andre kommunar. Vi ber også om at laga spesielt vurder unge kandidatar.
Nominasjonsnemnda legg følgjande punkt til grunn for nominasjonsarbeidet og føreset at dei som sender inn framlegg til kandidatar følgjer desse ved å orientere og spørje aktuelle kandidatar om dei aksepterer føresetnadene.
· Nominasjonsnemnda må spørje alle dei føreslåtte kandidatane om dei er villig til la seg
nominere på den føreslåtte plassen.
· Nominasjonsnemnda må spørje dei føreslåtte kandidatane om dei reserverer seg mot Venstre sin vedtekne politikk.
· Nominasjonsnemnda må spørje valde representantar om dei stiller til val på ny.
· Nominasjonsnemnda kan ikkje føreslå kandidat som er medlem i nominasjonsnemnda med mindre vedkomande trekk seg frå nemnda straks forslaget blir fremja anten av komiteen eller av andre. Dersom vedkomande ikkje ønskjer å trekke seg, skal forslaget avvisast.
· Nominasjonsnemnda blir stilt fritt i sitt arbeid med å vurdere aktuelle kandidatar til vallista, men ho er forplikta til å innhente naudsynt informasjon frå kandidatane og kan eventuelt innhente informasjon frå andre kjelder.
· Kandidatar som blir føreslått til topplasseringar på listene må å ha akseptert dette på førehand.
· Kandidatane må vere innstilt på å sette av tilstrekkeleg tid til naudsynt skulering og aktiv innsats i valkampen. Dette gjeld spesielt for dei øvste kandidatane.
· Kandidatane må stå inne for partiet sitt prinsipprogram og i all hovudsak vere einig i partiet sin politikk. Venstre har ingen krav om at kandidatane må vere medlem i partiet. Det er lov å tenke nytt, utradisjonelt og å vere kreativ i nominasjonsprosessen når det gjeld å føreslå personar som pr. i dag ikkje er aktive i partiet.
Vi håpar at alle sender inn svar til nemnda innan fristen og vi ser fram til å kunne leggje fram ei god liste til nominasjonsmøtet rett over nyttår.
Lukke til med arbeidet!
Men helsing
Astri Taklo
Mob. 95 25 97 96
Sogn og Fjordane Venstre si nominasjonsnemnd
Vedlegg:
1. Sogn og Fjordane si stortingsvalliste 2005
2. Medlemmer av nominasjonsnemnda og framdriftsplan for nominasjonsarbeidet.
Vedlegg 1:
Valliste Stortingsvalet 2005
Venstre Sogn og Fjordane
1. Gunvald Ludvigsen, Eid
2. Bjørg Mikalsen, Flora
3. Rolf Nesheim, Leikanger
4. Gunnar Osland, Askvoll
5. Marta Kvikne, Balestrand
6. Rune Iversen, Vågsøy
7. Hilde Yndestad Halland, Jølster
8. Atle Winjum, Aurland
9. Ellen Borch Veum, Luster
10. Jan Taule, Førde
11. Siv Langøen Rotevatn, Eid
Vedlegg 2:
Stortingsvalet 2009
Sogn og Fjordane Venstre
Nominasjonsnemnd og plan for nominasjonsarbeidet
På Vestre sitt årsmøte 2008 vart følgjande valgt som medlemmer til nominasjonsnemnda:
Astri Taklo, leiar
Liv Henjum
Harald Lindvik
Ottar Hov
Siv Langøen Rotevatn
Unge Venstre (Janne Sørum har blitt spurd, men kunne ikkje. Rune Iversen har sagt ja)
Varamedlemmer:
Jorunn Nyttingnes
Brynhild Lund Notøy
Jon Ove Lomheim
Svanhild Otterøy Lothe
Judith Kapstad
Framdriftsplan for nominasjonsnemnda:
1. juli 08:
Gjere vedtak om framdriftsplan og gjere denne kjend i organisasjonen.
Ansvar: Nominasjonsnemnda
1. august 08:
Invitere alle lokallag og alle medlemmer i fylkeslaget til å koma med framlegg til kandidatar. Framlegga treng ikkje å rangerast.
Ansvar: Nominasjonsnemnda
10. september 08:
Frist for lokallag/medlemmer til å lever inn framlegg.
Ansvar: Lokallag/medlemmer
22.september 08:
Møte i nominasjonsnemnda for å gå gjennom innkomne framlegg.
Ansvar: Nominasjonsnemnda
25. september 08:
Liste over alle framlegg til kandidatar sendast ut til lokallag for behandling i medlemsmøte.
Ansvar: Nominasjonsnemnda
15. oktober 08:
Sende inn rangert liste på kandidatar til nominasjonsnemnda.
Ansvar: Lokallag
1. november 08:
Sende ut innkalling til nominasjonsmøte.
Ansvar: Fylkesstyret
4. november 08:
Møte i nominasjonsnemnda for å lage og vedta innstilling til rangert nominasjonsliste.
Ansvar: Nominasjonsnemnda
10. november 08:
Sende nominasjonsnemnda si innstilling til lokallag og alle medlemmer.
Liste vert gjort offentleg.
Nominasjonsnemnda/Fylkesstyret
9. el 16. januar 09:
Fylkesstyret held nominasjonsmøte i høve til §7 i Venstre sine mønstervedtekter for fylkeslag.
Ansvar: Fylkesstyret
31. mars 09:
Levere inn nominasjonsliste til fylkeskommunen sitt valstyre med dei opplysningar, underskrifter og vedlegg som er nedfelt i valloven.
Ansvar: Fylkesstyret