Ja til fullverdige sommerruter

Bergen Venstre går imot raseringa av kollektivtilbodet i Bergen som Tide kvart år gjennomfører i perioden juni til august. I fjor vart busstilbodet redusert med 40 % i to månader frå 25. juni, då Tide innførte sommarrutene sine. Denne årvisse kollektivkatastrofen må ta slutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Bergen har eit skrikande behov for å få meir av trafikken over frå privatbilar til kollektivtrafikk. Likevel nesten halverer Tide busstilbodet i dei to månadane då skulane har sommarferie. Signalet dei dermed sender til kundane sine er klart: «Busstilbodet eksisterer primært for elevar og studentar, og folk som er i lønna arbeid bør sjå å skaffa seg sin eigen bil.»

Informasjonssjefen i Tide hevda i fjor at sommarrutene er nødvendige på grunn av Tide sin kapasitet, og at dei elles måtte ha kutta ned på busstilbodet i resten av året. Dersom Tide innrømmer at dei ikkje er i stand til å gi byen eit skikkelig rutetilbod er det kanskje på tide å la nokon andre få sleppa til. Framtidige anbudskonkurransar om kollektivtrafikken i Bergen må utformast slik at dei set krav om eit fullverdig busstilbod heile året. Miljøet tar ikke sommerferie!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**