Østmo sa at målsettinga for Bedre stamveg på Sørlandet er å få firefelt frå aust til vest og få gul stripe gjennom heile Setesdal.
Bildet viser bremsespor på E18 ved Brekka i Austre Moland.
Nasjonal transportplan blir rullert nå. dagens plan 2006-2015 er under rullering nå, og skal erstattast av NTP 2010-2019. Faginstansane har gitt si innstilling til Samferdsledepartementet, og Arendal bystyre har tidlegare vedtatt høyringsfråsegn.
NTP-forslaget var skuffande lesing
– ti år med nesten fullstendig investeringstørke
– det er behov for auke i vedlikehaldet
– det må løyvast langt meir til veg
Hovudstrategiane for Bedre stamveg er:
– på lang sikt fullgode stamvegar gjennom Sørlandet
– på kort sikt Vigeland-Osestad i Lindesnes, Gartnerløkka-Søgne, E18 Arendal-Tvedestrand og Riksveg 9
For kvart av desse prosjekta blir det nå etablert breie arbeidsgruppe for å finne unik og brei argumentasjon for kvar strekning. Aksjonssekretariatet i Mandal samordnar argumentasjonen og arbeidet.
Alle har felles argument om å hindre ulykker, at nyinvesteringar må aukast grundig, at dårleg veg svekkar konkurranseevna, og at landsdelen er positiv til prosjektfinansiering og nye kontraktsformer.
For å nå fram i regjeringskvartalet og Stortinget må vi også fremme lokale argument:
Målet er oppstart i 2014. Men ingenting er nemnt i forslaget til ny NTP. Første mål er å få strekninga inn igjen i Nasjonal transportplan. Strekninga er ein dårleg og farleg strekning mellom to relativt gode, den brukast også som lokalveg med veldig mange på- og avkøyringar, og strekninga eignar seg godt for prosjektfinansiering.
Det viktigaste NÅ, er
– bompengefinansiering er vedtatt både i Tvedestrand og Arendal
– Statens Vegvesen må starte mulighetsstudie snarast
– ein slik studie vil vise om det er grunnlag for bompengefinansiering.
Dei to kommunane og fylkeskommunen må be Statens Vegvesen lage ei slik analyse straks, så analysa kan lagast nå i haust.
Vidare foreslo Are Østmo å sette ned ei brei arbeidsgruppe med ordførarar, fylkesordførar, næringsliv, LO, prosjektleiar for bedre stamveg, og grupper som bondelaget og anbdre berørte.
Den vidare framdrifta i NTP-forlsaget nå er at Samferdsledepartementet nå arbeider med eit forslag til Stortinget, som skal behandle planden seinhaustes 2008.
Ordførar Torill Rolstad Larsen lova å sette ned arbeidsgruppe straks, der mellom andre Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad blir med frå Arendal.
Meir om E18, sjå under arkiv på www.arendal.www.venstre.no