Heile sakspapiret frå rådmannen kan lesast her.
– Miljøarbeidartenesta inneheld mellom anna fengselshelseteneste, feltsjukepleie, miljøterapeutar og ambulant team. Starten på tilbodet var butilbodet “Hauene”, og sidan er tenesta utvikla og utvida.
Bakgrunnen for den nye organiseringa er tilbakemeldingar på arbeidet og behovet for samordning og heilskap. Hovudgrepet er å få enda meir samordna tenester, gjere det lettare å finne fram og skape tydelege ansvarslinjer.
Etter å ha vurdert fleire alternativ har rådmannen kome fram til å flytte tenesta frå NAV der den har vore midlertidig, til enhet 3. Enhet 3 inneheld frå før Bo- og aktivitetstilbudet Bjorbekk, Ørbek 3, Saltrød botilbud, Breidablikktunet, Nettverk psykisk helse (psykiatriske sykepleiere), Moland og Langsæ dagsentre, Treffstedet tredje etasje, tjenestekoordinator psykisk helse og rus, prosjektleder for opptrappingsplan psykisk helse og rus.
Dette forslaget er støtta også av brukerrådet psykisk helse og rus, arbeidsmiljøutvalet, eldrerådet, dei tilsette sjølv og alle andre som har uttalt seg. I enhet 3 vil miljøarbeidartenesta vere samlokalisert med andre med kunnskap og erfaring innanfor både psykiatri og rus, både kvar for seg og i begge problemområda.
I komitemøtet blei det også sagt frå administrasjonen at arbeidet med omorgansieringa har vore ekin ekte og good prosess der ting har utvikla seg undervegs til ei grei løysing alle er nøgde med.
I noen linjer mot slutten av sakspapiret er det også eit forslag om å legge brukerstyrt senter på Munkehaugen også til enhet 3. Også dette slutta komiteen seg einstemmig til. Etter forslag frå Arbeidarpartiet vedtok komiteen – fortsatt einstemmig – å foreslå for bystyret at det poltikaroppnemnte styret for brukerstyrt senter blir lagt ned.
Og det er jo slett ikkje dumt at eit utval vil nedlegge seg sjølv.
Og med dette foreslo saksordførar Jan Kløvstad at bystyret vedtok rådmannens innstilling, som også har med med at forvaltning av miniboligene og oppfølging av avtale med Natthjemmet blir overført til rådhusenheten innan utgangen av 2008.