Det blir kommunal barnehage på Strømsbuåsen!

Med 23 mot 16 stemmer vedtok bystyret i kveld å bygge ny kommunal barnehage på Strømsbuåsen til erstatning for Tommeliten og Regnbuen barnehager, som har hatt kummerlege kår lenge nå. Dette har bystyret lova dei tilsette i barnehagane, og det løftet blei ståande etter ein intens debatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre stemte saman med resten av fleirtalsposisjonen og SV for bygget på 37,5 million kroner. Eit tilleggsforslag frå Aps Nils Johannes Nilsen om at ordførar, varaordførar og rådmann skal forsøke å få redusert byggekostnadane, blei einstemmig vedtatt.

Barnehagen blir dyr, men solid og bystyrefleirtalet har tru på at eit så godt bygg vil gi reduserte driftsutgifter og vere ei god investering.

Lykke til i ny barnehage til alle barn og tilsette i Regnbuen og Tommeliten barnehage – og 18 nye barnehagebarn.

Her er heile saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**