Nominasjonsprosessen for stortingsvalet er i gang

Aust-Agder Venstre var berre 116 stemmer frå stortingsplass i valet i 2005. Nå er det ny sjanse, med stadig større realistisk sjanse for at Venstre får stortingsrepresentant frå Aust-Agder.

Nominasjonsmøtet for stortingsvalet 2009 blir i slutten av november.
Dette brevet er ei oppmoding til ALLE MEDLEMENE i Arendal Venstre om å kome med forslag til kandidatar innan 15. september 2008. Desse namneforslaga treng ikkje vere rangerte.

Nominasjonemnda har første “seriøse møtet” sitt rundt 20. september og sender ut forslag med alle foreslåtte kandidatar i alfabetisk rekkefølge til lokallaga for behandling i medlemsmøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Lokallaga skal sette opp forslag til rangert liste på kandidatar innan 1. november, og ein av dei aller første dagane i november har nominasjonsnemnda møte der nemnda lagar innstillinga si.

Nominasjonsmøtedatoen kjem snart!

Dette er det formelle.


Like ved i 2005

Så litt om bakteppet, og framtidsbildet:
Venstre fekk 5,9% på landsplan i valet i 2005. Her i fylket fekk vi 3158 stemmer og 5,4%. Venstres toppkandidat i 2005 var “på Stortinget” fleire gonger i løpet av kvelden og natta i september 2005. Dette var ein sensasjon, som få hadde venta på førehand. Valresultatet i 2005 gav Venstre 10 mandat, og i tillegg var det fleire andre av toppkandidatane som altså snusa innom stortingsplass i løpet av natta. Ifølgje KrF i Akershus var situasjonen at om Valgerd Svarstad Haugland hadde fått 116 stemmer meir, hadde ho tatt KrF s siste utjamningsmandat i staden for Åse Gunhild Woie Duesund, og Venstre hadde tatt over utjamningsmandatet i Aust-Agder. Så nær var det, for oss og for Venstrekandidatar i fleire fylke. Buskerud og Vestfold var også mellom dei Venstrefylka som var innom Stortinget i løpet av natta. All snakk om bortkasta stemmer på Venstre er det slutt med.

Vi fekk 10 mandat, av dei 4 utjamningsmandat. KrF fekk 11 mandat, av dei 7 utjamningsmandat. Også Sp, Ap, Høgre og SV fekk utjamningsmandat.

Sidan hausten 2005 har det vanlege nivået på meiningsmålingane vore høgare enn før valet i 2005….

AUST-AGDER VENSTRE HAR MED ANDRE ORD GODE SJANSAR TIL Å SENDE EIN REPRESENTANT PÅ STORTINGET, for første gong sidan Øyvind Bjorvatns to periodar 1965-1973. Det er slutt på den tida da topplassane på stortingslista var noen månaders dugnad. Nå er det alvor. Nå kan det handle det om å vere med på å styre landsdelen – og landet….

Medlemene i nominasjonsnemnda er Torunn Haugen, Lillesand, Lilly Berland og Jan Kløvstad, Arendal og Hans Anonsen, Grimstad, pluss ein frå Unge Venstre og ein frå Venstrekvinnelaget.

Gode medlemer,
finn fram gode kandidatar, og send forslaga på namn til Nominasjonsnemnda ved leiar Jan Kløvstad på [email protected] innan 15. september.

Og for ordens skuld: Eg stod på toppen av lista i 2005, og eg vil IKKJE stå på toppen av lista i 2009. Det har eg lova familien min. Kom altså gjerne med forslag til kandidatar frå Arendal, men ikkje forslag på meg!

Beste helsing

Jan Kløvstad
lokallagsleiar
leiar i nominasjonsnemnda

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**