Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre
Framstegspartiet og miljøpolitisk talsmann Ketil Solvik-Olsen har ein klar strategi: Ein Frp-ar viker aldri, han tar berre heilomvending og fortsetter rett fram.
Innlegget frå Ketil Solvik-Olsen i Agderposten 4. juni er sterkt prega av Frps heilomvending og spark i alle retningar som politisk strategi. Først stemmer partiet nei til så godt som alle satsingar på forsking og utvikling av fornybar energi. Partiet har stemt nei til alle andre drivstoff enn billig bensin og diesel i årevis! Så gir Solvik-Olsen inntrykk av at han og berre han har sett risikoen for noen uheldige sider ved biodrivstoff frå matjord i Brasil. Dei fleste andre, Venstre sterkt inkludert, har sett dette dilemmaet lenge. Solvik-Olsen skriv at han vanskeleg kan ha oversikt over det Arendal Venstre gjer lokalt. Det forstår eg. Men gjennom stortingsprotokollane, Frps eigne heimesider, Solvik-Olsens lesarinnlegg og andre avisoppslag er det relativt enkelt å dokumentere kva Solvik-Olsen held på med.
Biodrivstoff litt betre enn tobakk?
Solvik-Olsen har sett lyset om biobrensel nå. Ingen er så skråsikre som dei som nettopp har sett lyset. Han er sterkt uroleg for at god matjord i utviklingsland er brukt til dyrking av råvarer for biodrivstoff, i staden for mat til dei fattigaste. Eg kan aldri hugse at Frp og han har delt Venstres uro og kritikk for at hundre gonger så stort areal i over 100 år er brukt til tobakksdyrking. Biodrivstoff er vel trass alt noe meir vettug bruk av jorda enn tobakk?
I fleire år har Frp brukt partiets kamp for biodrivstoff-pumper ved Tønsberg som eksempel på kor miljøvenleg Frp er. Men nå er plutseleg alle andre parti, og særleg Venstre, syndarar som har gått inn for "snarlig bruk av biodrivstoff". Har FrP og Solvik-Olsen aldri tenkt på at "snarlig bruk" kan ha noe med forsking og utvikling fram til eit langt meir solidarisk biodrivstoff enn det som nå blir henta frå matjorda i Brasil? Det han omtalar som Venstreforslag om lovpåbod om bruk av biodrivstoff er at Venstre har foreslått innblanding av biodrivstoff og attpåtil med miljøsertifisering som skal garantere at heile prosessen er miljøvennleg. Eit studiebesøk ved Norske Skogs Follum kunne åpna augene hans. Venstre står på trygg fagleg grunn.
Goldberg, Solvik-Olsen og grillen i Kentucky
Eit anna eksempel på FrPs dobbeltkommunikasjon i klimapolitikken er da Solvik-Olsen inviterte svenske Goldberg som motvekt til alle falske dommedagsprofetar "fordi han har markert seg med gode, saklige standpunkter" (Aftenposten). Fred Goldberg sa berre det han lenge hadde skrive i eigen blogg eller eigne nettsider, så Solvik-Olsen burde visst kva han skulle seie. Men i Aftenposten dagen etter: "Men han ville ikke ta stilling til innholdet i talen hans.”
Den Frp-inviterte Goldberg er sterkt kritisk til FNs klimapanel og fortalte ei entusiastisk FrP-forsamling at "- Temperaturmålestasjonen i for eksempel Kentucky står foran en grill. Kanskje det var her man fikk for seg at «koldioxid» var årsaken, spurte han retorisk. " (Sitat Aftenposten og NRK-radio.) Når Fred Goldberg verkeleg trur at eit panel på 2500 fagfolk kan måle temperaturen i heile verda foran ein grill i Kentucky, burde kanskje varsellampene blinka litt også for Frp og Solvik-Olsen? Og vi andre kan kanskje ha rimeleg grunn til å tvile litt også på dei som inviterer Goldberg til Norge som motvekt mot alle "falske klimaforskere og dommedagsprofeter"?