Vil ikkje ha leiteboring!

Venstre har sett i gang ein underskriftsaksjon mot leiteboring utanfor Sunmørskysten. – Vi vil setje fokus på kor viktig dette området er for fiskeria, sa inititativtakar Gunn Berit Gjerde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Til stades var fleire representantar for fiskerinæringa, som står samla i kampen mot olje- og gassaktivitet på dei kystnære blokkene utanfor Møre og Romsdal og Nordfjord.

Unge Venstre skal samle inn underskrifter i tettstadene i Møre og Romsdal. Dessutan er det høve til å skrive under via nettet.

– Eg ventar at halve befolkninga i Møre og Romsdal skriv under. Vi må få tyngde, slik at vi får synleggjort at denne saka engasjerer, seier Gunn Berit Gjerde.

Les saka i Sunnmørsposten

Skriv under opprop mot leiteboring her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**