Vidare masseuttak på Mjølkeviksvarden — rasering naturen og miljøet

Den 17.04.08 var det møte og synfaring på området til Norstone AS på Mjølkeviksvarden. Bakgrunnen for dette er at Meland kommune har fremja motsegn til Askøy kommune sin plan om utviding av masseuttak av stein på området. Med på møtet var Askøy og Meland kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Bergvesenet og Direktoratet for naturforvaltning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


No har Direktoratet for naturforvaltning (DN) sagt seg einig med Fylkesmannen i Hordaland og tilrår ei utviding av steinuttaket fordi dei vurderer det slik at det i eit regionalt perspektiv sannsynlegvis er gunstig å utvida eksisterande område på Mjølkevikvarden framfor å opna opp eit heilt nytt område.

DN skriv i tilrådinga at området i dag er sterkt prega av masseuttaket og dei vurderer det slik at mykje av landskaps- og friluftskvalitetane i området allereie er sterkt berørt. Dei ser og at forhold som støy, støv, ristingar og sprengingsfare er faktorar som verkar negativt inn på dei tilgrensande områdas attraktivitet både som bustadområde og friluftsområde.

I det heile er dette skrivet som er retta til Miljøverndepartementet, som skal avgjere saka, skremmande lesing. Det verkar som konklusjonen til både Fylkesmannen i Hordaland og DN er at her er det allereie så store skader på natur og miljø at ein berre kan fortsette med øydelegginga i 50 år til. Dette er rett og slett so vanvittig at ein nesten ikkje kan tru det ein les.

Det er berre ein ting eg kan vere einig med Fylkesmannen og DN i; at ein ikkje skal opne opp nye område for slik verksemd. Steinuttak skal ikkje leggast i opne uttak, og særleg ikkje i slike sårbare område som nordre Askøy er. Dersom tyske Norstone AS vil driva vidare i Noreg, må dei driva verksemda si inne i fjell.

Askøy kommune peikar på at Askøy har eit stort behov for næringsareal. Derfor bør politikarane i kommunen seie nei til vidare steinuttak og krevje at Norstone AS byrjar å legge til rette dei areala som er ferdig uttekne, slik at desse kan nyttast til næringsverksemd.

Ein skulle og kunna forventa at politikarane i Askøy hadde teke omsyn til innbyggjarane sine i nord, slik Meland kommune har gjort.

Sissel Skråmestø Juliussen
Askøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**