NEI TIL KRAFTLINJE MELLOM MONGSTAD OG KOLLSNES

Radøy Venstre går strekt imot å byggje kraftlinjer mellom Mongstad og Kollsnes i luftspenn. Dette avdi eit slikt tiltak vil vere eit omfattande naturinngrep i eit område av nasjonal verdi, seier leiar i Radøy Venstre Bjørg Taule Murberg

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Bjørg T.Murberg

Foto: K.Ø.T.

Luftlinja kan m.a. komme til å krysse fleire fugletrekk. – Me veit heller ikkje nok om eventuelle negative helseeffekter av stråling frå kraflinjer. Mange på Radøy fryktar konsekvensane for "urørt" natur, miljø og helse, samt at store landområde vert bandlagde, seier Murberg
Radøy Venstre krev at kraftlinja vert lagt i kabel, og at dette vert gjort i samarbeid med Radøy kommune. Radøy Venstre kan ikkje vere med på at økonomi går framfor helse og miljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**