Kvifor Møresokkelen er eit av dei mest verdfulle Marine Økosystem i verda

Havområdet utanfor Møre er eit av dei mest produktive i verda. Norsk vårgytande sild har hovudgytefelt i dette området. Gytebestanden er no oppe i over 10 mill tonn og er dermed den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Silda legg egga sine på botnen, der den ligg i knapt ein månad før dei blir klekte. I denne perioden er egg svært utsette for oljeforureining.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Kysten utanfor Møre er også hovudgyte område for sei og mange andre artar. Torsken kjem heilt frå Barentshavet for å gyte her.

Dei grunne kystnære områda utanfor Møre er av dei aller viktigaste område for tareskog på verdbasis.

Midtnorsk sokkel inneheld dei største førekomstane av kaldtvasskorallrev (Lophia spp) ein kjenner til og har den størst kjente tettleik av slike rev på verdsbasis.

Fuglefjellet på Runde som er næraste nabo til blokkene på Møresokkelen er ein dei aller viktigaste fuglekoloniane i Norge.

Hovudkjelde:

Ottersen G. og Auran J.A. (red) (2007). Helhetlig forvaltningsplan for Norskehavet. Arealrapport med Miljø- og naturbeskrivelse. Fisken og Havet nr 6. 2007.

http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500034802&language=0

Nils-Roar Hareide,
Runde Miljøsenter
6096 Runde

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**