Strid om verneverdig hus på Voss

Lokalavisa på Voss har i mai vore prega av debatten om “Enkjeheimen” skal rivast. Bygningen i seg sjølv er berre ca. 100 år gamal. Men med sine 350 år representerer den ein av dei eldste sosiale institusjonane i Norge. Venstre har fronta motstanden mot riving. I månadsbrev for 1.juni frå Voss Venstre er det derfor ein gjennomgang av den politiske behandlinga i vinter og vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV NR. 6/08
Stadig sol og sommar, men det politiske "livet" går vidare!

Den "store" politiske saka — slik det kjem til uttrykk i "Hordaland" – i mai har nok vore saka om riving av Enkjeheimen.

Sidan Venstre har vore sentral i arbeidet for vern, kostar vi på oss ein rask gjennomgang: Anne Jorunn Ryum Møen tok før jul i Utval for miljø og kultur (MKU) opp Enkjeheimen, som det ryktast skulle rivast. MKU vedtok deretter, med alle parti minus Frp, å tilrå at det blei sett i gang ein prosess med sikte på å verna huset.

Ved første gangs behandling i Formannskapet/utval for plan og økonomi (FPL) på nyåret, blei saka utsett, idet fleirtalet ønskte ei utgreiing frå eigaren, Voss bustadutvikling, om moglege konsekvensar av ikkje riving. Om lag samstundes hadde underteikna eit innlegg i Hordaland, der vi utfordra Voss sine repr. i selskapet; og særleg politikarane: styreleiar Kjellaug Brekkhus og Lilly Helland, om å koma på banen om kva styret meinte, og særleg om eit brev frå forretningsføraren om eit mogeleg erstatningskrav på inntil 8.5 mill, om dei ikkje fekk riva huset. Det kom ikkje noko svar på dette.

I kommunestyremøtet 3.april, vedtok så KST at det ikkje skulle leggjast ned mellombels byggje- og deleforbod – noko som var ein føresetnad for å kunna omregulera huset til vern. Eit mindretal på 12; V, Sv, Raudt+ 2 frå Ap og 1 frå KrF stemte for framlegget frå Venstre og SV om å leggja ned slik byggje- og deleforbod. (Dvs. at også dei frå Ap (unntatt ein) og Sp som i MKU stemte for byggje- og deleforbod, no hadde snudd!)

Etter henvendelsar frå fleire, sende så underteikna ein såkalla "lovlegklage"til Fylkesmannnen. Hovudpunktet var at saksutgreiinga ikkje tilfredsstilte krava i lova om "tilstrekkeleg utgreiing", i det hovudvekta var lagt på mogleg økonomiske konsekvensar for kommunen — noko underteikna meiner var klart misvisande. Seinare blei Anne Jorunn R. Møen, Einar Horvei SV og KrF medunderskrivarar av klagen.

KST skal uttala seg om ei slik klage. Dette skjedde 22.mai. Innstillinga frå administrasjonen om å avisa klagen av formelle grunnar (brev datert ein dag for seint, og medunderskrivarar kom først på plass nokre dagar etterpå), blei vedtatt med ordføraren si dobbelrøyst. Vidare at vedtaket ikkje skulle ha "oppsetjande", dvs. utsetjande, verknad for riving. Underteikna sitt framlegg var å la fylkesmannen vurdera klagen — utan direkte tilråding frå KST.

Dagen etter KST-møtet fekk underteikna høyra at administrasjonen ville skriva ut rivingsvedtaket same dag, utan å venta på fylkesmannen si vurdering! Eg sende då ei klage til fylkesmannen over denne delen av vedtaket. Fylkesmannen si vurdering av klagene er ikkje komen.

Og seinare har saka "balla på seg", med spørsmål om ikkje ordføraren var inhabil den 22. mai (og 3. april), og mange støtteinnlegg i Hordaland for bevaring av Enkjeheimen. Kjellaug Brekkhus har uttalt at saka bør opp på nytt.

Ut frå eit stadig stigande von om at rivingsvedtaket kanskje kan bli gjort om, har underteikna i lag md fleire andre danna ei gruppe som er villig til å arbeida med kva mogelegheiter som måtte vera for vidare liv for Enkjeheimen. Sjå innlegg i "Hordaland" denne veka. Og ta kontakt — dersom du har høve og lyst til å vera med!

I KST-møtet 22.mai gav elles fleirtalet grønt lys for vidare utbygging av Amfisenteret. Venstre har vore med og "fronta" motstanden mot dette. (Men ved behandlinga stemte ein av Venstres 3 repr. i kommunestyret for utbygginga.) Vedtaket inneber elles krav om ei samordning av parkeringa med områda på Vangen — noko Amfisenteret har gått mot så langt.

Rekneskapsrapporten for 1. kvartal for kommunen var ikkje særleg lysteleg lesnad. Men no kjem endeleg — etter m.a. purring frå underteikna i FPL – drøftinga av det vidare budsjettet i gang. Den økonomiske arbeidsgruppa (dvs. FPL pluss repr. for parti som ikkje er med i FPL pluss tillitsvalde) skal ha møte 12. juni, og m.a. også sjå på alle oversendingsframlegga frå budsjettmøtet i desember. Dvs. at eigedomsskatt nok blir eit stort drøftingstema framover!!

Kraftfondet sin årsrapport for 07 vart gjenstand for ein litt tilspissa debatt. Ikkje eigentleg om disposisjonane til kraftfondet sitt styre (dvs. Utval for tiltak og næring), men at kommunestyret, stort sett utan å spørja styret først, hadde gitt store tilskot til ulike formål. Kraftfondet har no ikkje pengar til utdeling i 2008!

Garasjeanlegg under Hestavangen blei godkjent. Venstre stemte for — som dei aller fleste i KST. Så no står det att for initiativtakarane å skaffa pengar — m.a. til flyttinga av Ungdomshallen!

Og elles – vi er svært glade for innspel til saker vi bør følgja opp/ta opp!

Mvh. Torstein Gunnarson
gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**