«Overalt for ingenting»

Suksess med gratisbuss på Færøyane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Marin Katrina Frydal og gratisbuss

Foto: Jan Kløvstad

– Gratisbussen er ein enorm suksess. "Overalt for ingenting" er slagordet vårt. Vi har 50% auke i passasjertalet, og har nettopp utvida frå to til tre avgangar kvar time, seier bystyremedlem Marin Katrina Frýdal i Tórshavn kommune på Færøyane. Den færøyske hovudstaden Tórshavn har rundt 19 000 innbyggarar, og om lag 43 000 av dei 47 000 innbyggarane på Færøyane kan nå Tórshavn med bil. Mange bur ute i bygdene og arbeider i Tórshavn. To undersjøtunnelar er åpna dei siste seks åra, og biltrafikken har auka.

Utfordringane for Tórshavn er mellom anna å gjere arbeidsvegen effektiv for dei mange som skal inn og ut av byen kvar dag, å gjere trafikken sikrare, å redusere CO2-utsleppet og slitasjen på vegnettet i byen, å gjere det trivelegare å bruke byen. Alt dette er nå på god veg. Barn og unge kjem seg lettare og tryggare til idrett, kulturskole og andre fritidsaktivitetar, i periodar er det fordobling av passasjertalet i morgontrafikken, stabil auke i bussbruken heilt sidan starten ved nyttår i 2007, smitteverknader med halverte prisar på bussar og ferjer over heile Færøyane. Minstepensjonistar har verkeleg har tatt busstilbodet til seg.

Pluss i miljørekneskapen

– På kommunebudsjettet kostar forsøket 3 mill kr i året, i tapte billettinntekter. Men det er jo berre ein del av reknestykket, fortel bystyremedlem Frýdal på ein tur på ein av dei fire gratisbussrutene. Frýdal er også leiar for teknisk utval, som har ansvar for det kommunale busselskape.: – På lang sikt blir det mindre vegslitasje, færre skraper i lakken på bilane, friskare luft i sentrum, barn og unge sit ryggare på bussen enn ved å gå gatelangs eller bli køyrt av foreldra til og frå aktivitetar ettermiddag og kveld, CO2-rekneskapen på Færøyane blir betre. Det blir kort sagt trivelegare å handle i sentrum og med det også eit meir lønsamt sentrum.

Marin Katrina Frydal

Foto: Jan Kløvstad

Marin Katrina Frýdal, bystyremedlem og leiar av teknisk utval i Tórshavn.

Tórshavn er ein by der trafikkmønsteret går ut og inn av byen i fire-fem retningar, med noen konsentrerte bu-område, noe spreidte bygg og ein enorm trafikk inn i byen frå nord. Bybussordninga i Tórshavn er lagt slik opp at alle fire bybussane går innom Steinatún midt i sentrum, så alle kan kombinere bussrutene uansett kva retning dei skal reise. Nye bydelar er ferdigbygd både i vest og nord, og nå blir det bygd for om lag 3000 nye innbyggarar i nordre utkant av byen. Der er gang- og sykkelvegar, busshaldeplassar og bussruter på plass før første familie er ferdig med husbygginga.

Marin Katrina Frydal og Jan Kløvstad i gratisbuss

Foto: Venstre

Marin Katrina Frýdal og Jan Kløvstad på tur i gratisbuss.


Det står utfordringar igjen:

1. Korleis stoppe den store biltrafikken frå nord på det "psykologiske rette punktet", og få folk over på bussane? "Park-and-ride"plassar er under detaljplanlegging.

2. Korleis få fleire vaksne mannfolk til å sjå verdien av å ta bussen? Tórshavn kommune har tru på at også vaksne mannfolk vil raskt, effektivt og miljøvennleg på jobb.

Akureyri i Island og Mariehamn på Åland har også i mange år hatt gratisbuss, og melder om same suksess. Trafikken glir lettare, lufta i sentrumsgatene er blitt betre, folk kjem meir effektivt til og frå, og miljøeffektane er gode.

Gratisbuss i Arendal?

Kva så med Arendal? Vi bør starte frå ein kant, eller frå to kantar. I kvart einaste planutvalsmøte drøftar vi planar for små og særleg store byggefelt på Tromøy, Nedenes. Marisberg, Engene, Påskedagsheia, fleire små og stroe felt på Tromøy kan vere stikkord. Eydehavn og heile Saltrød-området har hatt sterk vekst i mange år. Kollektivaksen Eydehavn-Grimstad er eit viktig miljøprosjekt som kan gjerast enda meir effektivt og målretta.

Pengane ligg og ventar på oss?

Venstre har reist forslag om å få fagfolk til å rekne på innføring av gratisbuss morgon og ettermiddag på dei hardast belasta strekningane i kommunen. På Stortinget var Venstre pådrivar for vedtaket om å doble "inspirasjonstilskotet" til miljøprosjekt i kommunane til 320 millionar kroner frå 2009. Det ligg altså pengar og ventar på oss. La oss få den lova analysen frå fagfolket på bordet. La oss kome i gang, til beste for ein tryggare trafikk, meir effektivt arbeidsliv og framfor alt eit betre miljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**