Oljeutvinning på gyteområda på Møresokkelen er galskap

Møre og Roimsdal Venstre er sterkt imot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda utanfor Mørekysten. Leitinga med seismisk skyting kan i seg sjølv uroe både gyting og fisken si vandring inn mot kysten. Og ein oljelekkasje ved oljeboring kan føre til at desse viktige gyte — og fiskefelta kan bli øydelagde for framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Den 20. konsesjonsrunda for utdeling av løyve for oljeboring er i gang, og fleire selskap har meldt interesse for blokker på Møresokkelen . Men her ligg også dei viktigaste gytefelta for sild og fleire andre fiskeslag langs kysten vår. Forskarane og fiskarane karakteriserer desse gyteområda som like viktige som felta utanfor Lofoten. Venstre vil ikkje gamble verken med seismisk skyting eller prøveboring på desse felta. Når vi må velje mellom fisk og olje, vel vi fisk Og det må vi her. Oljen tek slutt om nokre få år, fisken skal skal vere ein matressurs for etterkomarane våre.

Tidlegare olje- og energiminister Odd Roger Enoksen freda Møresokkelen i forrige konsesjonsrunde mellom anna etter sterkt trykk frå ei samla fiskerinæring. Også Ålesund Rederiforening som organiserer offshorereiarar i tillegg til fiskebåtreiarar går inn for freding av gytefelta på Møresokkelen. Det er difor utruleg at noverande olje- og energiminister, Åslaug Haga, ikkje har freda Møresokkelen.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein Forvaltningsplan for kysten vår, og Venstre krev at det ikkje blir tildelt felt på Møresokkelen før denne er ferdig og ein har fått ei samla vurdering av kva felt som er mest sårbare.

Gy6teområda utanfor Mørekysten må vernast om Folk langs kysten vår har hausta frå desse store og viktige gyte- og fiskefelta i generasjonar. Vi må forvalte dei slik at vi kan halde fram med å hauste av desse ressursane.

Gunn Berit Gjerde, gruppeleiar i Møre og Romsdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**