Fleire parti vinglar om Møresokkelen, Venstre står fast!

Framstegspartiet er imot og frede Møresokkelen for oljeleiting, men stemde likevel for ein høyringsuttale som ber olje-og energiministeren vente til forvaltningsplanen for kysten er klar. Høgre er delt i synet på freding. Hos mangeav høgre sine representantar i fylket , går oljeinteressene først.

Senterpartiet hadde problem med å vere med på ein resolusjon under fylkestinget i april, men var med på same resolusjon i Miljutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre fremja på siste fylkesting resolusjon om freding av Møresokkelen til forvaltningsplanen er på plass. Kr. F, , SV, AP og Sunnmørsliste skreiv under saman med oss.

Men under handsaminga ville fleirtalet i fylkestinget at ein skulle vente med ein slik uttale til administrasjonen hadde gjort ferdig sin høyringsuttal. Den er komen og er i innhald lik innhaldet i forslaget frå Venstre: Vent med klarsignal til prøveboring til ein har fått ei samla vurdering av kva felt som er mest sårbare gjennom Forvaltningsplanen.

Det er viktig at vi lyttar til fagfolka og fiskarane meiner i denne saka. Vi må ikkje gamble med matressursane og naturressursane for etterkomarane våre!

Vi ser igjen og igjen at oljevoring ikkje er ein trygg aktivitet. Oljelekkasjen 24.mai 2008 viser igjen at vi aldri kan gardere oss. Tenk om denne lekkasjenh og mange andre tidlegare skjer midt i matfatet vårt!

Gunnn Berit Gjerde, gruppeleiar i Møre og Romsdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**