Gode Venstremedlemer,
IK Grane inviterer til "Fargerik Fotballturnering" på Bjønnes laurdag 7. juni kl 1030 til ca kl 1300. Turneringa blir åpna av vår eigen bystyremedlem, Dega Abdi Aman.
IK Grane inviterer dei politiske partia til å stille lag, og eg håpar vi kans amla nok Venstrefolk til å vere eit eige lag. Vi treng 5 eller 7 spelarar, pluss eventuelle innbyttarar. Arrangørane skriv at dei ønsker ingen topping av laga.
Eg har nok T-skjorter med Venstremerke på, så alle kan sjå kven dei bør sende ballen til!
IK Grane gjer eit veldig godt integreringsarbeid, og laget fortener støtte for dette viktige arbeidet. Det ville derfor glede meg mykje om vi er nok Venstrefolk til å gå, jogge oeller kanskje ein gong i mellom løpe rundt etter ballen. Det er ikkje lange omgangar, så vi burde klare det også dei av oss som er litt for mykje kontor- og møtemenneske.
Utstyr? Eg har altså T-skjorter. Anna utstyr er joggesko eller fotballsko for dei som måtte vere så avanserte.
Frammøte Bjønnes laurdag 7. juni kl 1030.
Påmelding: Det er logisk nok viktig for arrangørane å vite at vi kjem. Derfor; send SMS til meg på 91 80 82 56 eller skriv til [email protected] innan onsdag kveld 4. juni kl 2000.
Alle stiller likt, – både fylkestingsmedlemer, bystyremedlemer, styremedlemer, alle våre 24 medlemer i kommunale verv Arendal og alle andre medlemer. Ja, også familiemedlemer til alle oss medlemer er hjarteleg velkomne til å stille.
La oss støtte opp om godt integreringsarbeid, og la oss ha ein fin laurdags formiddag saman!
Beste helsing
Jan