Straum til Gjøa-feltet frå Lutelandet
Lokallaga i Fjaler og Askvoll ber Venstre si stortingsgruppe halde klart fast ved tidlegare vedtak om at straumforsyninga til Gjøa-feltet skal skje frå Lutelandet i Sogn og Fjordane.
Ein samrøystes energi- og miljøkomite har tidlegare gått inn for at straumen til Gjøa skal leggast via Lutelandet noko som låg til grunn då Stortinget i fjor gav StatoilHydro løyve til å bygge ut gassfeltet. NVE braut med Stortinget sine føresetnader då dei likevel gav StatoilHydro konsesjon på straumforsyninga frå Mongstad. Dette vart av fleire partar m.a. Sogn og Fjordane fylkeskommune anka inn for olje- og energiministeren.
Olje- og energiminister Åslaug Haga har no gjort det klart at Lutelandet skal veljast samtidig som ho sender saka til Stortinget att i form av ei stortingsmelding.
Det viser seg å vere både teknisk mogeleg og miljømessig forsvarleg å hente straumen via Lutelandet slik Stortinget tidlegare har sett som vilkår. StatoilHydro argumenterer med forseinking og fordyring av prosjektet. Vi meiner langt på veg at dette er StatoilHydro si eiga skuld all den tid selskapet for eitt år sidan fekk klare signal både frå Storting, regjering og NVE om å konsesjonssøke leidning frå Lutelandet til Gjøa. Dette har Statoil-Hydro tydelegvis ikkje teke på alvor. Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi hevdar på si side at at dei klarer å få linene til Lutelandet ferdige i rett tid i høve til planlagd produksjonsstart på Gjøa.
Å velje Lutelandet som forsyningsbase av straum til Gjøa-plattformen vil vere eit svært viktig steg for å utvikle Lutelandet som eit attraktivt område for energi- og industriutvikling i Sogn og Fjordane og såleis vere med på å gi fylket ein rettmessig del av verdiskapinga frå olje- og gassressursane i Nordsjøen.
Vi minner også om at ei straumforsyning via Lutelandet vil forsyne Gjøa med rein og fornybar vind- og vasskraft i motsetning til gasskraft frå Mongstad.