Utskifting på toppen?
Leif Helge Kongshaug har gitt positivt svar til nominasjonsnemda om at han stiller seg til disposisjon som kandidat til lista til stortingsvalet i 2009. Gunn Berit Gjerde har varsla om at ho ikkje kjem til å stille som kandidat, av omsyn til seg sjølv og sine nære.
Lokallaga
Det er opp til lokallaga å melde inn kandidatar for å sikre at Venstre kan stille ei sterk liste også ved valet i 2009. Fristen for å melde inn forslag til nominasjonsnemda er 5. juni. På bakgrunn mellom anna av dei innkomne forslaga startar nemda sitt arbeid med lista, og endeleg nominasjonsmøte blir i Ålesund fredag 30. januar 2009.
Nominasjon
Nominasjonsnemnd for kandidatar til stortingsvalet 2009 er:
Fritz Inge Godø, Misund (leiar)
Per Steinar Husby, Sunndal
Oddrun Eidem Kleppe, Herøy