Ungdomsrådet føler seg overkjørt

MELAND: Ungdomsrådet i Meland er mildast sagt fortvila og oppgitt over at kommunen legg ned den kommune fritidsklubben; det verste er at rådet ikkje ein gong fekk saka til behandling!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


(klippet i fra Avisa Nordhordland, Dagrunn Stokke)Formannskapet og kommunestyret si handsaming om nedlegging av den kommunale ungdomsklubben kom så bardust på at ungdomsrådet ikkje ein gong rakk å få saka på dagsorden. I siste liten rakk rådet likevel å forfatta ein uttala som vart lagt på kommunestyret sitt bord. At uttalen hadde kome inn, opplyste ordførar Nils Marton Aadland (H) under opninga av kommunestyremøtet.

— Vi synest måten denne saka har kome opp på er heilt uhøyrt. Her har kommunen oppretta ungdomsrådet for at vi skal bli høyrt i saker som har relevans for ungdom, og så får vi ikkje ein gong sjansen til å uttala oss når ei viktig sak kjem opp, seier ein oppgitt og skuffa Ivar Brakstad, andre nestleiar i ungdomsrådet.

Heller ikkje resten av ungdomsrådet synest særleg om måten denne saka er komen opp på. Ikkje berre misser dei no eit tilbod som dei meiner har ein viktig funksjon for den uorganiserte ungdommen, dei føler seg dessutan overkjørt i den politiske prosessen.

Politisk støtte

Lars Barstad, som er politikar frå Venstre, stiller seg bak ungdomsrådet sin frustrasjon, men røysta sjølv for nedlegging i kommunestyret.
— Vi hadde ikkje anna val dersom vi skulle få i mål økonomiplanen, seier Barstad. Han seier det beste han og andre politikarar kunne koma opp med var ein protokolltilførsel med oppfordring til kommunen om å få til eit alternativ.

Å avvikla drifta i det gamle meieriet synest dei unge i og for seg er OK, men ikkje før eit alternativ er på plass.
— Men tanke på at 400 nye bustader skal etablerast på Frekhaug, betyr det stor auke i talet barn og unge, påpeikar medlemmane i ungdomsrådet.
— Vi hadde trengt eit utvida tilbod i sentrale lokale. Dersom kommunen ikkje føl opp, fryktar vi ungdomen vert hengjande rundt senteret, seier dei til Nh.

Få til alternativ

Ordførar Nils Marton Aadland seier at ein prøver å få til alternativ for dei unge, men kan ikkje stadfesta at kommunen har andre lokale i kikkerten.
— Vi har ikkje tatt stilling til noko konkret. Men vi skal kontakta lag og organisasjonar for å sjå om det er noko vi saman kan gjera for dei som no misser tilbodet. Det arbeidet er alt i gang, svarar Aadland.

Kostar ekstra

Aadland seier at kommunen må vera budd på å betala ekstra utover tilskota kommunen i dag gir til lag og organisasjonar for å få dette til. Lars Barstad hevdar det ikkje er noko å spara på nedlegginga, fordi dei tilsette berre vert flytta rundt til andre jobbar i det kommunale systemet. Dette tilbakeviser Aadland:
— Mesteparten av dei 400.000 kronene vi skal spara på avvikling av fritidsklubben er lønskostnader. Vedtaket rammar tre tilsette, seier ordføraren.

Dyre pengar for få

Ordføraren viser også til at fritidsklubben er lite besøkt, berre 3-5 personar møter i største gruppa, nokre fleire i den yngste gruppa.
— Det er dyre pengar å betala for så få. Det er dessutan eit faktum at dersom fritidsklubben skulle blitt oppretthalden i dei noverande lokala, måtte kommunen gjera til dels store investeringar på bygget, seier Aadland. Han viser og til at det for nokre år sidan vart prøvd open fritidsklubb med kafé etter skuletid, etter ungdomane sine eigne ønskje.
— Men då tilbodet var ein realitet, nytta dei seg ikkje av det. Det er og gjort tiltak for å betra besøket på fritidsklubben dei siste åra, utan at dette har gitt ønska resultat, seier han.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**