Økonomiplanforslag ut til politikarane

Administrasjonen i Giske kommune har no utarbeidd økonomiplan for perioden 2009 -2012. Rådmannen vil presentere sitt framlegg til formannskapet i eit ekstra møte fredag 23. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Tavle

Foto: Microsoft Clip art

Store utfordringar
-Det er vedteke ei rekkje tiltak og satsingar som vi er uroa over konsekvensane av, seier gruppeleiar i Venstre Britt Giske Andersen.

Giske kommune har store utfordringar i åra framover for å få balanse i budsjetta sine. Det er ikkje samsvar mellom auke i inntekter i høve det ein har lagt opp til av kostnadsauke i åra framover. Særskildt satsing på nytt omsorgssenter og driftsmodellen rundt denne stiller Venstre seg spørjande til.

Urovekkande
-Løysinga på fleire av sakene som ein har vedteke i kommunestyret, har vore auka låneopptak, samt bruk av disposisjonsfond. Dette er urovekkande, meiner Venstres Anne-Lise Roald. – Eg trur vi skal slite med å få ein økonomiplan i balanse, renta har auka og vi ser med skepsis på dei auka driftsutgiftene ein har teke på seg i samband med omsorgssatsinga.

Alternativt forslag
-Venstre hadde eit alternativt forslag til driftsmodell for omsorgssenteret på Valderøy. Vi er uroa over at det som vart vedteke gjer at vi må leggje ned einingar på dei andre øyane. Dette meiner vi er ei dårleg løysing for det totale omsorgstilbodet i Giske kommune, avsluttar Giske Andersen.

Stri debatt
Det er ikkje tvil om at dette blir ei vanskeleg oppgåve for både dei folkevalde og administrasjonen. Det er truleg at det blir ein stri debatt når økonomiplanen skal handsamast i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**